Jenter 10-laget til Førland skal fortelle andre om kor viktig det er med refleks. I går fekk dei besøk av rådmannen og «Trygg i Tysvær».
Foto: Oliv Enge
Jenter 10-laget til Førland skal fortelle andre om kor viktig det er med refleks. I går fekk dei besøk av rådmannen og «Trygg i Tysvær».

Tok rådmannen med på stunt

Refleksbruken blant unge er framleis eit viktig tema. I går var det Førland IL som fekk besøk.

Førland J 10, fotball og trenaren Håvard Våbenø-Bergevik fekk besøk av Oliv Enge og rådmann Sigurd Eikje.
– Førland IL tok godt mot oss. Det var ein ivrig gjeng som var på trening. Alle visste at det er viktig å bruka refleks, ikkje berre til og frå skulen, men òg på fritida på veg til trening eller venner. Ein sporty rådmann stilte på kort varsel og var med på refleksstuntet, seier Oliv Enge.
Klubben har sine aktivitetar nær skulen og ungane sin skuleveg.
– Det varma våre hjarter å sjå at det var mange ungar som var fysisk aktive i Førland IL. Det var fleire treningar som føregjekk i både gymsal og på fotballbanen, medan me var der. mellom anna var det allidrett. Dei har også fleire fotballag, både for gutar og jenter. J10-gjengen som me var innom lova oss å hjelpa til med å minna andre i nærmiljøet på å bruka refleks. Dette er spesielt viktig i no når ettermiddagane er lyse, medane det enno er mørkt på kvelden, seier Oliv Enge.
I Tysvær kommune er det Enge og Marlin Øvregård Lie som er representantar frå «Trygg i Tysvær».