Her vil me bygge, og her vil me bu

Det er 14. mars og litt vår i lufta. Me serverer Bygg & Bu i dagens avis, ei vandring blant utbyggerar, tømrarar, huskjøparar, interiørinteresserte og alle dei som elskar å pusse opp.

Det er ein fin gjeng, der optimisme kjempar ein durabeleg kamp mot realisme. Der gode idear vinn fram, og der samspel gjer alle gode.
Spørsmålet me stiller oss kvar einaste vår når me startar på dette nummeret er; korleis er stoa. Er det prosjekt nok, er det kjøperar nok, og er det rett balanse i det som blir bygd?
Svaret i 2019 er tja.
Eit raskt sveip på diverse nettstadar og finn.no viser at det er dei yngste som er taperane i Tysvær. Det er lite å velje i for dei som ikkje kan vise fram stor eigenkapital, eller som kan støtte seg på «rike» føresette. Det er heilt rett at det finnast noko der ute, men det er lite og det er ingenting som tyder på at det er nokon plan for kor ein vil ha ungdommane buande i kommunen.
Vinnarane er som vanleg dei som har levd ei stund, som har kapital og ønsker ein ryddig kvardag i ei leilegheit. Dei har mykje å velje i. Akkurat i dag vil ein få treff på flotte leilegheiter over heile kommunen i det ein kan kalle høg prisklasse. Og meir er på gong, så det er ingen fare for at ikkje alle skal få. Eigendomar til sals i Tysvær er akkurat nå 75.
Andre vinnarar er utbyggerane. Mange byggfirma har nå gode ordrebøker, medan andre er på nippen til å få signerte og godkjent prosjekt. At storprosjektet Skeiseid ser ut til å bli utsett på ubestemt tid, ser ikkje ut til å bekymre dei som allereie har store planar. Aksen Grinde – Førre, som er kommunen sitt satsingsområde, har fleire store prosjekt på gong. Aksdal, Garhaug, Frakkagjerd og Førre går igjen i søknadspapira.
Eg ser i tidlegare leiarar at eg har advart mot skeiv fordeling av prosjekt. At det blir opphoping av dyre leilegheiter, og lite å velje i for dei som ikkje kan legge fire millionar pluss på bordet. Slik er det framleis. Det handlar om å få mest muleg igjen for dyrkjøpte tomter. Det heiter business, og er heilt lov i Norge.
Tysvær er rigga til å ta imot mange nye tysværbuar i framtida. Skal dei ha noko å velje i må politikarane på banen og legge til rette for tomter, bustadar og oppvekstmiljø for alle alders- og økonomiske grupper som ein har. Utbyggerane står i kø, «alle» vil til Tysvær, men då må me legge om stilen.
Heldigvis er det val til hausten. Kanskje blir det litt fleire enn fem nye innbyggarar neste år.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør