Andreas Petersson kjem i morgon for å spele lunsjkonsert i Tysværtunet.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Andreas Petersson kjem i morgon for å spele lunsjkonsert i Tysværtunet.

11.30 i dag: – Gleder meg til lunsjkonsert

Det er mange som har blitt glad i musikken til Andreas Petersson. Fredag er han tilbake på scenen i Tysværtunet. Me spanderer en ny musikalsk lunsj.

Andreas Petersson og bandet «Lausongan» ga i 2015 ut plata «Brevkurs». Læraren på Frakkagjerd ungdomsskole fekk raskt eit publikum, både med bandet og som soloartist. Spelejobbar under mellom anna Kulturnatt i Haugesund og på kommunale arrangement gjorde at fleire nynna med til dei gode songane.
Me fekk sjølvsagt tak i Petersson, og han hadde lunsjkonsert. Men så blei det litt stille.
– Jo, takk det går bra. Eg driv nå på med musikk og har eit par nye låtar klare, som me skal i studio med. Har også eit singelprosjekt med Jeanett Elise Naley, og vi skal gi ut «hiten» «Så vakker du var» i ein heilt ny versjon, seier Petersson.

Nytt
I morgonklokka 11.30 har han med seg eit knippe med nye låtar, men også «Så vakker du var».
– Blir vel litt feil om eg droppar den. Eg skal også ha med meg ein talentfull gitarist på scenen, han heiter Mats Nygård og er elev ved FUS. Kjekt å kunne dele scene med ungdommar som har noko å by på. Det har eg gjor før og det vil eg halde fram med. Det er ikkje lett å finne stader der ein får spelt live i startfasen, så ein lunsjkonsert er heilt perfekt. Eg gleder meg skikkeleg til å komme tilbake. Lunsjkonsertar er ein hyggelig konsertform, seier musikklæraren.
Han ramser opp morgonsamlingar og UKM som andre gode scenar for ungdommen.
– I år pressa eg på slik at eit band ved skulen stilte opp i UKM. Trur det blei ei fantastisk positiv erfaring for dei. Det blir ofte slik at det blir mykje spilling for seg sjølv, og det er greitt nok. Men kjensla ein får når ein står på ei scene den må opplevast, seier Petersson.

Planar
– Kva planar har du og bandet for den neste tida?
– Me jobbar som sagt med ein del nye låtar. Så skal me sleppe singlar utover. Me har blitt booka til «Vise & Lyrikkfestivalen» i år, og det ser me fram til. Eg har sansen å skrive songar, spele dei inn, og så ut på scenen å spille dei live. I Tysværtunet eg som soloartist, slik som sist, men som sagt med Mats som ein god gjest.
– Du er ein såkalla ønskereprise. Kva tenker du om det?
– Det set eg stor pris på, og det er ein del som har sagt at dei ønsker at eg speler meir live. Me får sjå kva som skjer framover, men det er klart at om me slepp eit nytt album, så blir det også fleire liveoppdrag. Men først og fremst må eg sette saman spillelista til i morgon. Må finne fram noko fint, sidan eg er ønska tilbake. Eg har jo litt å velje i, så eg kan garantere at det blir eit godt bilete av det eg held på med. Ei overrasking og to musikalsk vil det kanskje også vere.

Tett
Andreas Petersson er årets 3. lunsjkonsert og nå kjem konsertane tett ein periode. Allereie 12. april kjem «The Kvednabekkjers» med fullt band og ny musikk og speler. Dei har også hatt fleire spelejobbar etter at dei var hos oss i fjor. Nå blir det plateslepp både hos oss og på «Flytten».
26. april kjem bandet Rags & Feathers. Dei er mest kjent for sine fantastiske tolkingar av Leonard Cohen sin musikk. Det Karmøy-baserte bandet var med og spelte da Munor og Helge Martin Framnes hadde konsert for nøyaktig eitt år sida. Då fekk me streng beskjed om å sikre oss dei. Og nå er dei altså på vei til Tysværtunet og våre gratis lunsjkonsertar.
Konsertane er eit samarbeid mellom Tysværtunet kulturhus og Tysvær Bygdeblad.
Som vanleg anbefaler me at ein møter opp i god tid. Dette er blitt ein populær møteplass både før og etter konsertane.