Audhild Lindanger kjører kvar dag frå Førland til Knapphus for å drive vidare butikkarva etter mot og far. Ho er butikksjef på Joker Vats.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Audhild Lindanger kjører kvar dag frå Førland til Knapphus for å drive vidare butikkarva etter mot og far. Ho er butikksjef på Joker Vats.

Service skal bringe tradisjonar vidare

Laila og Tor Sørhus har drive nærbutikk i Vats i alle år. Eplet fall ikkje langt frå stamma, for nå er dottera Audhild sjef i Joker-butikken.

Kvar einaste dag set Audhild Lindanger seg i bilen og tar fatt på strekninga Padlane – Knapphus. I bilen blir det god tid til å mimre om oppveksten med butikkdrift på maten, og om utfordringane med å drive ein Joker-butikk like ved Coop sin Extra-butikk i den litle bygda langs E134. Nå driv ho den «nye» Joker-butikken saman med foreldra.
Rykta om tysværbuen sin butikk har forlengst nådd oss. Før jul var det rigga til koseleg julestemning i butikken. Då me svingar innom i starten av mars dalar snøen ned i store flak. Det er vått og kaldt ute. Inne er det heilt annleis.
– Me prøver å snakke med alle som kjem innom. Hjelpe dei som treng det, med både middagstips og å finne fram mellom hyllene. Service er nøkkelen i ein butikk som denne. Me kan også hjelpe til med å kjøre ut varer. Kvar fredag tar me oss ein tur til sjukeheimen, og dette er ein kundekontakt me set pris på. Me vil vere ein del av lokalsamfunnet, seier Audhild Lindanger.

Skryt
Me har ikkje vore der lenge før dei første kundane skjønar kven me er.
– Flott butikk dette, og berre kjekke folk, kjem det frå to litt eldre venninner som er på sin daglege handletur.
– Eg trur at den dagen me ikkje har tid til kundane, ja då er det slutt. Me får mykje skryt og det er motiverande. Noko av det som me får mest ros for er frukt og grønt avdelinga. Me har også fått ein stor pokal, som me vann for beste grøntavdeling i klassen for vår storleik på butikk i landet. Det var stas. Me har faktisk litt større avdeling enn det som er vanleg i Joker, men for oss er dette viktig. Det er også det første ein kjem til i butikken, seier butikksjefen og rettar på eit par grønsaker som låg «litt feil».
Butikken er relativt ny og moderne. Det er reint og fint. Klassiske hyller og diskar, men også rom for litt meir kunstnarisk tuch.
– Eg møtte Anne Kvalevaag på ei Joker-samling og me blei godt kjende. Ho dreiv butikken i Kvalavåg på Karmøy i mange år. Der hadde ho element i butikken eg hadde sansen for. Så ho har vore her og gitt meg tips. Me har pynta litt i butikken, og ikkje minst fått eit fint inngangsparti. Me gjer kvarandre gode, smiler Lindanger.
– I hennar butikk var det også eit kaféhjørne. Noko for Vats?
– Me har tenkt litt på det, har jo plass i dette flotte bygget vårt. Så svaret er kanskje ja. Me får sjå. Å ha tilbod om ein kopp kaffi her hadde jo vore koseleg.

Historisk
I 20 år har Audhild vore ekta tysværbu med adresse på Førland. Då den nye butikken blei opna i 2015 var det før og etter for familien Sørhus.
– Mamma er her framleis, men då me flytta var det berre eit kasseapparat og brødskjeraren som fekk vere med. Det har alltid vore fleire butikkar å velje mellom i Vats, så eg trur det var ein forventning til oss. Me veit at me må vere på servicesida, og me strekk oss langt. Kjem det eit spørsmål om ei vare me ikkje har, så noterer med ned, og prøver å få plass til den i hyllene våre. Mange spør etter lokalmat, men det er ikkje så lett som det høyrest ut. Mange leverandørar er tomme raskt. Men me har nå klart å få inn ein god del etter kvart. Det å snakke med kundane, lytte til deira vanar, er viktig for oss, seier Lindanger.
Joker-kjeda har som alle andre kampanjar og tilbod. Heilt avgjerande sjølvsagt.
– Pris og kvalitet er to viktige punkt på alle butikkar si suksessliste. Legg ein til personleg service, så har ein noko å slå i bordet med. Samstundes må ein vere på vakt heile tida. Er det noko kundane vil ha, og som me kan skaffe, så får det ringverknadar. Me klarer mellom anna å skaffe ferske reker. Det får folk på veg til hytta på fjellet eller langs fjorden til å komme innom. Etter kvart blir dei faste kundar. Elles er mange av dei kundane me har kundar me har hatt lenge, seier butikksjefen med eit smil.
Og det er mykje smil i butikken. Me er der tidleg ein fredag, og stemninga er god. Det er latter og smil. I eit hjørne er det loddsal. I tippekassen er det dei som vil sikre seg ein Lotto-kupong for helga. Det er rett og slett koseleg.
– Så kjekt. Det er det som er målet vårt. Kanskje greitt å bu i Tysvær slik at det blir litt avstand for meg. Så er det godt å ha nokre minuttar i bilen der ein kan legge litt planar og slikt.
– Har du vore å kikka innom i den nye Coop-en?
– Nei, eg har ikkje det, ler Audhild Lindanger og helsar på eit par nye kundar som kjem innom.
Det er ingen tvil om at i Joker Vats, og hos dei fem tilsette, skal ein kjenne seg heime.

Til venstre Bjørg Marit Ljusnes, Berit Irene Rambjørg og Audhild Lindanger foran butikken i Vats.