Sju entreprenørar hadde levert inn tilbod. Entreprenøren frå Egersund var billegast, og signerte nyleg kontrakten med Statens vegvesen.
– Nå gler vi oss til å kome i gang med å bygge den 900 meter lange strekninga. Entreprenøren er i gang med arbeidet i starten av april, fortel byggeleiar Margrethe Stava Brandtzæg i Statens vegvesen.
Birkeland Maskinentreprenør AS, Contexo AS, Ottar Skjold Maskin AS, Risa AS, Vassbakk og Stol AS og VE anlegg AS leverte tilbod i konkurransen. Bertelsen & Garpestad hadde lågaste tilbodspris med 21.919.718 millionar kroner.
Gang- og sykkelvegen blir tre meter brei. Langs heile strekninga blir det montert gatelys. Entreprenøren legg også nye vatn- og avløpsleidningar for Tysvær kommune. Alt skal vere ferdig til desember i år.
Snart i gang med Padlane-Klovning
Statens vegvesen har signert kontrakt med Bertelsen & Garpestad. Entreprenøren bygger gang- og sykkelveg langs fylkesveg 780 i Tysvær kommune.