Kven eig «den sunne fornuft»?

I ein artikkel i Tysvær Bygdeblad den 14.mars 2019 går Høgre ut og proklamerer at dei vil ha lys i alle bygder.

Dei legg det fram som om Arbeidarpartiet er i mot utsagnet. Det er vel ikkje eit einaste politisk parti i Tysvær som er imot akkurat det. Vi skal legge til rette for tilflytting og nybygging i alle delar av kommunen, men ikkje på alle stader i kommunen. Det er korrekt at Arbeidarpartiet seier nei til vilkårleg husbygging i LNF-områder. Vi seier nei til dette fordi matjorda må vernast. Ein kvar nasjon bør ha som mål å ha ein så stor matproduksjon at ein er sjølvforsynt med mat. Det er ikkje berre eit landbrukspolitisk mål, men og eit sikkerhetsspørsmål for nasjonen. Men aukande klimautfordringar er det endå viktigare enn før å slå ring rundt bonden sitt arbeid, verne all jord i LNF-områda, sjølv om den pr i dag ikkje er dyrka. Klimaendringar kan føra til at jord som i dag er verdifull kan bli udyrkbar. Og då må ein ta i bruk ubrukte jordlappar til matproduksjon. Kring dei store byane våre som t.d. Stavanger og Sandnes vert verdifull matjord lagt under vegar og byggefelt. Arbeidarpartiet meiner at vi må sjå jordvern i ein større samanheng enn i den enkelte byggesak, vi må sjå lenger fram enn til neste kommuneval. Det seier og nasjonale retningsliner som den sittande regjeringen går god for. Eg er stolt over at Arbeidarpartiet har vore garantist for jordvern i Tysvær i denne perioden, og det skal vi fortsette med.

Det er korrekt at Arbeidarpartiet har sagt nei til boligbygging i 100-meters beltet. Arbeidarpartiet meiner at strandsona må vernast for allmennheita. Strandsona skal ikkje privatiserast men vere ein av godene vi rår over saman i dette storslåtte landet vårt. Arbeidarpartiet skal fortsette med å si nei til utbygging i 100-metersbeltet. Slik som retningslinjene frå Stortinget seier. Eg er stolt over at vi tek dette standpunktet sjølv om mektige krefter jobbar mot oss.
Arbeidarpartiet meiner at byggelinjer og reglar om bygging inntil nabogrense skal følgast av alle. Vi meiner at respekten for annen manns eigedom må stå sentralt også, og kanskje særleg, ved bygging i byggefelt. Dispensasjonar kan innfris dersom alle kringliggande naboar er einige. Ap skal fortsette med å stå opp for dei som føler seg pressa, for dei som ikkje ynskjer å ha naboane tettare inn på seg enn det reguleringsplanen tillet.
Høgre seier i artikkelen at Arbeidarpartiet er for regelbunden og opphengt i kommuneplanen. Gjeldane kommuneplan vart vedteke i forrige periode, den gang då Høgre hadde ordføraren. Dokumentet er vedteke av kommunestyret, og pr definisjon er det dette kommunestyret er einige om. Eg er einig med Høgre at det gjeldane dokumentet har sine manglar og at det har eit stort forbetringspotensiale. Det er likevel eit svært viktig styringsdokument. Kommuneplanen gjev retning og fokus i utviklingsarbeidet i kommunen. Og ikkje minst gjev det fortusigbarhet for innbyggarane våre og syter for at alle vert behandla likt. For Arbeidarpartiet er likhetsprinsippet viktig. Arbeidarpartiet jobber for gode løysingar for dei mange – ikkje berre for dei få.

Eg noterer meg at Høgre meiner at den gode debatten i teknisk utval er hemma. I starten på perioden vart det jobba hardt for å få til einstemmige vedtak utvalet kunne stå saman om. Dette har diverre endra seg og det er trist dersom det er slik at det berre er eit syn på ein sak som er «sunn fornuft» . Arbeiderpartiet vil halde fram med å jobbe for gode og tenelege løysingar. Det vert hevda på same stad at Ap seier nei av prinsipp. I svært mange saker er det heilt korrekt observert. Eg er stolt av at vi er prinsippfaste, at vi ikkje lar oss blende av flotte teikningar og store planar men evnar å sjå lenger enn den enkelte byggesak.
Eg kan ikkje skjøna at Høgre meiner at Arbeidarpartiet er eit nei-parti. I denne perioden der Ap har hatt ordføraren har kommunen utvikla seg i stort tempo. Vi bygger boligar for personar med funksjonsnedsetting på Stølsberg og på Stegarberg. Vi har bestemt at teknisk uteavdeling skal få nye og tenelege lokale i næringsparken, dei har levd under kummerlege forhold i fleire periodar med Høgre-styre. Vi har vedteke nytt dagsenter på Frakkagjerd, vi syter for boligar for vanskelegstilte. Vi lagar ikkje berre ein kunstgrasbane (som lova) på Frakkagjerd, men to. Rundkjøringen i Aksdal har vi forskottert, den er snart ferdig. Gjennom Energiprogrammet har Haugaland næringspark fått ny energi og etableringar er på gong. I tillegg har det blitt arbeida mykje og hardt for å sikre ny næring og industri til kommunen. Tysvær er blitt sett på kartet og ulike firma vert etablert hjå oss. Den italienske landsbyen har snarleg byggestart og områdeplanen for Aksdal er vedtatt. Store og omfattande planar som har krevd mykje arbeid av dei involverte. Og sist men ikkje minst: Arbeidarpartiet har invitert alle parti, både posisjon og opposisjon, til å samarbeide om budsjettet.

Ap har gjennomført svært mykje av det vi lova i valkampen. Framleis er det noko som gjenstår, som til dømes utbetring av Bådsvikkrysset i Skjoldastraumen. Då underteikna fremma forslag om dette i teknisk utval, var det m.a, Høgre som stemte nei, og forslaget falt. Det er lokaldemokrati det og, når ein ikkje får gjennomslag for saker ein brenn for fordi fleirtalet vil det annleis.
Underteikna forstår at Høgre med dette set i gang valkampen. Det er flott for demokratiet at forskjellane mellom partia kjem fram, berre på den måten kan innbyggarane velge kven dei ynskjer skal styre kommunen. Arbeidarpartiet jobber for gode løysingar for dei mange – ikkje berre for dei få. Vi prøver å lyfte blikket og ta hensyn til den einskilde, til miljøet rundt oss, til strømningar i samfunnet vi er ein del av, og til retningsliner som kjem frå regjering og Storting, i tillegg til å halde fram med å utvikle Tysvær. Det skal vi fortsette med om vi får fornya tillitt i neste periode.
God valkamp!

-Lillian Vikra
Arbeidarpartiet