Når ungdommen vil seie i frå

av Alf-Einar Kvalavåg

Ungdomsopprør er alltid velkommen i samfunnsdebatten. Når dei først tar seg bryet med å melde i frå at noko er galt, kan det vere smart å lytte.
Nå er dei på banen i Tysvær også. Det er interessant, og det er på tide. For det er ikkje få gonger at dei har vore etterlyst. Kor er dei og kva vil dei?
Nå er det miljøsaka som har fått mest merksemd. I morgon skal dei streike for ei betre framtid. Det har dei all verdas rett til, og også heilt klart ein god grunn til å gjere. Å vekse opp i dag i ei opplyst tid, der ein kan sette seg inn i verdas miljøutfordringar bør trigge dei. Det er deira framtid me snakkar om.
Når barn og unge seier ifrå skal dei vaksne lytte. At nokre nå meiner at ungdommen kan starte med seg sjølv og sine vanar, skal det også vere plass til i debatten og ytringa.
For det er nå ein gong slik at ein bør alltid tenke først på kva ein sjølv gjer, før ein peiker på så mange andre.
Men initiativet og engasjementet er bra, og det skal bli spennande å sjå kor lenge dei klarer å halde oppe engasjementet. Og ser me eit lite ungdomstrykk også på dei politiske listene. Svaret er ja. I alle fall litt. Fleire parti har lagt seg i selen for at ungdommen også skal få sleppe til i politikken. Frå ein talarstol der ein er nøydt til å høyre på dei. Me kryssar fingrane for at nokre av desse ungdommane står løpet ut, og får ein plass i kommunestyresalen til hausten.
Samstundes blir kommunen sitt ungdomsråd stadig meir og meir invitert inn i varmen. Ordførar Sigmund Lier har verkeleg tatt tak i dette og inviterer dei mellom anna på tur til Kårstø-anlegget om kort tid. Dei skal få kjensla av å vere med der det skjer.
Ei litt meir smal sak ser ein på neste side. Ungdommar som fortvilar over tryggleiken på bussen til skulen. Det som er eit stort pluss med ungdommane, stort sett, er at dei seier det akkurat slik det er. Dei pakkar det ikkje inn i bomull, men kjører på. Av og til er det effektfullt, andre gonger så må eit lite vaksenfilter settast på.
Uansett trur eg me vaksne skal applaudere dei unge sine initiativ. Me må backe dei opp til å stå på. Dei er ikkje ufeilbare og har heller aldri sagt det. Dei vil berre komme med sine bekymringar på sin måte. La dei få lov til det. Framtida tilhøyrar oss alle.
God streik!

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør