Det blir konsertar, Tysværdagen, Slusedagen, Hervikdagen, idrettsarrangement, Open gard, og mange små og store arrangement under parasollen som skal heite «Sommar i Tysvær». 20 arrangement er allereie meldt inn, i tillegg til stort program på Tysværtunet og kyrkja.
– Me er strålande nøgde så langt, men veit at det er mange som endå ikkje har tatt kontakt, så nå oppfordrar me dei sterkt om å kontakte Johnny på kulturkontoret raskast muleg. Målet er at så mykje som mogleg av det som skjer i sommar, blir samla, seier kultursjef Anders Netland.
Etter at «Midtsommarfesten» blei lagt vekk har ideen om å samle alt som skjer under «Sommar i Tysvær» dukka opp som ein stadig betre idé. Det startar med Tysværdagen den siste helga i mai, og skal om alt går etter planen avsluttast det med ein stor toppkonsert på Alvanuten, slik som i gode gamle dagar.
– Men innimellom dei to arrangementa vil me har lokalt engasjement. I samarbeid med Bygdebladet vil me i midten av mai komme ut med ei infoavis. Vil dei som skal arrangere noko i sommar vere med der, må dei melde seg nå. Me veit det er folk som har planar, og dette er ein invitasjon til dei, seier Johnny Liadal.
Festen
Tysværdagen har tidlegare vore i storhallen på Frakkagjerd. Nå er det heile flytta til Aksdal og Tysværtunet. Det blir aktiviteter både inne og ute.
– Her blir det telt, matvogner, underhaldning, minitivoli, boder, og tett program frå klokka 11 til 15. Målet er å få med så mange lag og foreiningar som muleg. Me svarer gjerne på spørsmål om det er nokon som lurer på om dei kan vere med og stille ut. Ta kontakt med meg direkte, så skal dei få svar, smiler Helga Haugsnes Borgen på Tysværtunet.
– Hastar det litt?
– Ja, det gjer faktisk det. Me veit frå sist det var Tysværdag at det var ein del spørsmål. Nokre har kontakta oss og meldt seg på, andre er kanskje litt avventande. Me satsar på at mange melder seg i god tid. Det blir stas med ein slik dag der dei kan få vise seg fram.
Konsertar
Årets sommar i Tysvær er også prega av fleire konsertar. Toppkonserten er enda ikkje på plass, men mange har allereie sikra seg billettar til «Nilsen, Lind, Fuentes og Holm» som speler stor familiekonsert på Hertervigsplass 12. juli. På Nedstrand kjem Ola Bremnes på besøk i sommar, og det bør også bli fullt hus.
Idrett
Tysværtrimmen og fotballskular er også ein del av ein aktiv sommar. Det same er tilbodet i symjehallen. Under Tysværdagen blir det ei miniturnering i fotball, og idrettskonsulenten oppfordrar andre som har planar om å ta kontakt.
– Det kan vere arrangement me ikkje har klart å fange opp, som kan tenke seg å vere med under «parasollen». Å vere aktiv er ein viktig del av det å vere tysværbu. Mange nyttar seg av toppturar og andre turmål gjennom heile året. Om sommaren er det spesielt mange som er ute og syklar og går, seier Geir Stakkestad.
Variert
Kultursjefen kikkar ned på arka sine og nikkar nøgd.
– Dette ser svært lovande ut, men som sagt så må folk som har idear melde seg. Plutseleg er det sommar. Me har komme godt i gang og kjem til å sleppe ein del nyhende utover. Spesielt dei store suksessane «Sommarles» og ope basseng, er det mange som ventar på. Det same gjeld dei flotte «dagane» som blir arrangert. Så kjem alt dette andre kjekke i tillegg. Me gleder oss til sommaren i Tysvær, avsluttar Anders Netland.
I tillegg til alle arrangementa skal Tysvær kommune ha eit særskilt fokus på alle hytteeigarane i kommunen. Det blir eige tema inne i kulturhuset på Tysværdagen.