Politikk til kvardags

Tysvær er «hima» for mange, både folk og verksemder. «Hima» bør vera ein god plass i gode dagar, og ein «god» plass å ha det vondt, om dei dagane treff oss.

Ein god plass å leva og veksa både for folk, fe og verksemder.
Organisasjonlivet og næringslivet i Tysvær blømer. Mange har gode idear for å få det endå betre. Folk engasjerer seg i eit hav av ulike aktiviteter, både i arbeid og på fritida. Me vil at Tysvær skal vera så god som mogeleg med dei midla, ressursane, ideane og det mannskapet me har. Og me vil trekka til oss fleire. Me planlegg for gode dagar, men om me opplever ei krise, har kommunen planar klare òg for dette. Kvardag og fest.
Nokre av oss engasjerer oss i politikk. Dei siste 3,5 åra har me vore med i teknisk utval; ein av oss fast og ein som vara. Livet i eit politisk utval var nytt for oss, men både øyrer og auger hadde fått med seg litt av korleis den politiske kvardagen kunne vera, når ulike meiningar barkar saman. Møtene i teknisk utval har vore ei positiv oppleving. Det har vore overraskande godt samarbeid dei siste 3,5 åra. Utvalsleiaren den gong la lista frå fyrste møte. Utvalet har ofte gått saman om å finna dei beste løysingane. Me har sjølvsagt lovar, reglar og arealplanar me skal følgja. Dei me var med på å stemma inn i kommunestyret i tidlegare periodar gjorde vedtak på vegne av oss alle når dei laga planar. Det har me respekt for. Nå er ikkje kvart einaste dekar i kommunen omtala i ein detaljert plan, og det er mogeleg med dispensasjonar. Og det er alltid noko å strekka seg etter for å gjera planane endå meir treffsikre slik at kvardagslivet i kommunen blir betre og enklare å føreseie. Ulik partitilhørighet, kor i kommunen «hima» er, personlege eigenskaper og grundig førebuing har gitt ulike innfallsvinklar i diskusjonane. Og diskusjonar har det vore. Saman med god takhøgd, respekt for kvarandre og gjennomarbeida og relevante sakspapir har me prøvd å få til så gode løysingar som mogeleg. Innbyggjarar har ulike ønske og alle har krav på ei grundig og rettferdig behandling av saka si, om dei tar kontakt for å fremja synspunktet sitt eller av svært ulike grunnar stolar på at me tek kloke val.
Kvardagane i teknisk utval har vore lærerike og eit studie i samarbeid. Me trur me kjem lengre med «å snakke oss saman» slik me har gjort desse 3,5 åra. Alle har bidratt.
Politikk er å bry seg. Det er mogeleg òg for oss som ikkje set pris på skarpe frontar å bry seg om korleis samfunnet vårt er skrudd saman. Me vonar dette gode samarbeidet held fram til beste for innbyggjarane i kommunen vår. Og at me omtalar kvarandre med respekt sjølv om det nærmar seg valkamp.

Kristian Valle Høie
og Anna Henriette Veim Eikje
Tysvær KrF