– Me var ein god gjeng, både damer og menn. Fekk låne ryddesag av kommunen, i tillegg hadde me med oss river og saks, både store og små. Er ferdige frå brua i Aksdal til gapahuken. Veldig kjekt, trass regn den første timen. Kaffi og kaker i gapahuken etterpå var og populært. Positive folk, så me tar nok meir og. Godt med dugnad, godt for sjølvkjensle og samhald. Oppfordrar folk som går rundt Bongsatjørna om å ha med seg ei saks i lomma. Det er ikkje verre enn det. Klypp det som du når, seier Tove Høgemark i Tysvær og Bokn LHL.
LHL-gjengen kosa seg på dugnad
Det er ikkje alltid så mykje som skal til for at det blir fint. Berre spør den spreke gjengen i LHL.