Straumen skule har nettopp avslutta «English Week». Små og store har prata, lest, sunge, lekt og tenkt engelsk heile veka. Til stor læringsglede for alle.

Straumen skule har nettopp avslutta «English Week».

– A wonderful week

Straumen skule har nettopp avslutta «English Week». Små og store har prata, lest, sunge, lekt og tenkt engelsk heile veka. Til stor læringsglede for alle.

av Alf-Einar Kvalavåg

Sjølvaste Queen Elizabeth dukka opp på måndag og hadde høgtidleg opning av engelskveka. Denne dagen var tema var det læring og landet og dei kongelege som sto i fokus. Kvar morgon var det samling for heile skulen i gymsalen.
På tysdag var det kjente artistar, forfattarar og skoedespelarar frå England som var tema. Jammen dukka både Spice Girls og Elton John opp! Seinare på dagen var det kino med popcorn og den gamle versjonen av Charlie og sjokoladefabrikken – på engelsk sjølvsagt.
Onsdag fekk me lære meir om det engelske skolesystemet, og Marit Alcott som har budd med familien i England fortalde korleis det var å ha ungar i den engelske skulen. I tillegg hadde alle riktig dresskode med uniformliknande klede denne dagen. Som seg hør og bør blei det varm lunsj den dagen; Fish and chips!
Torsdag var det Sports Day! På samlinga var det kunnskap og konkurransar med sportar som er populære i England. Det blei heilt klart ein god del om fotball. Seinare på dagen blei det aktivitetstimar for heile skulen, der alt gjekk på engelsk.
Fredag var det Performance Day! I alle klassane var det førebudd innslag for å lage «The English Show». Flott song, dans, vitsar, lesing frå sjølvlagde bøker og dikt med meir. Og jammen ringde Queen Elizabeth og avslutta engelskveka også. Nokon hadde også «Tea Party» med te, kjeks og scones. Elevane var veldig nøgde og viste ein høg tommel opp for ei veke med stort engelskfokus.
– A wonderful week, som ein gut i 1.klasse sa. Mange ville fortsetje neste veke, men då står påske i fokus. Kven veit? Kanskje blir det engelskveke igjen neste år? Det har i alle fall vore heilt topp for både små og store. Slikt som dette er heilt i tråd med den nye læreplanen som kjem i 2020 med stort trykk både tverrfagleg og dybdelæring. Ein stor takk til engelskgruppa med Wenche Veivåg Tveit, Guro Foss Knutsen og Inger Reidun Ekrene, samt alle dei andre vaksne og borna sine bidrag. Eit stort teamwork, rett og slett!

Morten Salvesen