Mållaget vil arbeida for eit likeverdig tilbod av digitale læremiddel på nynorsk og bokmål; her er det stor ubalanse i dag. Vidare må me få fram dei mange gode grunnane til å velja nynorsk som fyrste språk og behalda dette på ungdomsskulen og vidaregåande skule.
Mållaget prioriterer òg kulturelle arrangement som “Sommar i Tysvær” og “bLEST”. Me ynskjer at språk som eit levande kulturuttrykk, blir tatt inn i den nye kulturplanen. Dette vil innebera eit stort løft for bevisstgjering og språkvern i ei tid der engelsk truar både nynorsk og bokmål og me står framføre eit omfattande kultur- og domenetap.