Eirik Nedrebø akustisk gitar, Øyvind Østebøvik, diverse, Kjetil Østebøvik, song og bass, Wolfgang B. Ognøy elektrisk gitar og Kim Lund  på trommer er Kvednabekkjers.
Foto: Jørgen Freim
Eirik Nedrebø akustisk gitar, Øyvind Østebøvik, diverse, Kjetil Østebøvik, song og bass, Wolfgang B. Ognøy elektrisk gitar og Kim Lund på trommer er Kvednabekkjers.

FREDAG kl 11.30: – Det blir «Kvednapop»

Kvednabekkjers boblar over av speleglede om dagen. 11. mai slepp dei ny plate. Men først skal dei spele hos oss på fredag.

– Kan me få komme med fullt band og vise det flotte publikummet i Tysværtunet kva me har jobba med det siste året?
Wolfgang B. Ognøy spurte fint og fekk ja. Fredag kjem han og resten av bandet til foajeen. Mange har allereie spurt om å få kjøpe billettar, men som vanleg er det heilt gratis. Eit tips kan vere å komme i god tid før konserten.
– Skikkeleg tøft at så mange kjem til desse konsertane. Me var der som trio for ei stund sidan, men har lenge hatt lyst til å vise fram heile bandet vårt. Nå fekk me sjansen og kjem med seks nye låtar og ein gammal kjenning. Det blir sjølvsagt «Kvednapop» som mange går og nynnar på om dagen. Den har me også laga ein video til, som mange har fått med seg. Har ein ikkje det er det berre å søke etter oss på nett, seier Ognøy.

Plate
11. mai på flytten blir det plateslepp.
– Me hadde denne gongen berre tenkt å gi den ut digitalt. Men så kom det så mange ønsker om fysisk format, både frå fansen og frå medlemmer i bandet, at me gjekk for ein CD. Det blir litt eksklusivt, for me trykker berre opp 200. Plata er dessverre ikkje klar til i morgon, men me speler som sagt songar frå ho. Me har med oss dei gamle platene og litt anna «stasj», så folk som vil bli med i «Kvednafamilen» har gode mulegheiter i morgon, seier gitarist Ognøy.

Fullt band
Det har vore band og spelt tidlegare til lunsj, men ikkje slik som fredag kl 11.30.
Kjetil Østebøvik, song og bass, Øyvind Østebøvik, diverse, Eirik Nedrebø akustisk gitar, Wolfgang B. Ognøy elektrisk gitar og Kim Lund på trommer er Kvednabekkjers.
– Me har eit sterkt ønske om å vise oss fram slik me kan vere som fullt band. Det skal bli god stemning, men me speler ikkje ubehageleg høgt om nokon skulle lure på det. Bandet vårt kan spele i alle slags typar arrangement. Me har spelt til fest i store hallar, vore oppvarmingsband, og kan spele i små lokale om det skulle vere trong for det. Til hausten skal me vere oppvarming for DDE, og me har også blitt kontakta som oppvarming på ein annan storkonsert, men der er ikkje avtalen signert. Eg trur me er perfekte som oppvarmingsband, for me kan rigge oss til og rydde etter oss på ein-to-tre. Fleksible må me vere skal me ha ein sjanse, seier Ognøy, som er den einaste i bandet som lever av å jobbe med lyd og musikk.

Meir
Ny plate betyr ikkje at den kreative kontoen er tom.
– Nei, heller tvert om. Me jobbar med ein del musikk som me håper å få spelt inn til hausten. Spesielt ein song er eg skikkeleg spent på. Øyvind og Kjetil mista mora si då Øyvind var baby. Kjetil har laga ein nydeleg song som heiter «Mamma». Den har me spelt ein gong live, og fekk ståande applaus frå eit tårevått publikum. Den skal me gjere ferdig til hausten. I tillegg jobbar me med å få laga eit par musikkvideoar. Dei får me god respons på, seier Ognøy.
Snart sommar
Sjølv om me berre er halvvegs i april er det snart sommarferie for lunsjkonsertane.
26. april kjem folkbandet «Rags & feathers». Dei er tvillingane Kjersti og Rønnaug Tingelstad, samt Oddbjørn Austevik. I 2019 slepp dei sitt Leonard Cohen tolkingsalbum, ektefølt, nært og melankolsk.
Det blir eit fantastisk punktum for ein eventyrleg godt besøkt vinter og vår i foajeen.