Av og til er me det ein kan kalle griseheldige. Akkurat slik kjennest det ut nå, berre timar før me kan presentere bandet Rags & Feathers på scena vår i kulturhuset. Lunsjkonsertane tar sommarferie allereie nå, med kanskje noko av det finaste og beste som er plateaktuelle for tida.
– Så kjekt da at me er velkomne. Me gleder oss skikkeleg og kjem med eit knippe av dei finaste songane Leonard Cohen har laga. Me kjem snart ut med ein pakke av ei plate med både LP, CD og ei lita bok. Dessverre er ikkje den klar i morgon, men blir å finne mellom anna på konsertane våre i sommar og på «Shabby» i Haugesund, seier Oddbjørn Austevik.
25. mai skal plata vere klar, ei plate det har tatt fire år, ein draum, eit dødsfall og mange timar å lage.
Cohen
Historia bak plata er slik at dei to tvillingane Kjersti og Rønnaug Tingelstad hadde ein draum om å få synge med den kjende artisten. Dei spelte inn tre songar og produserte dei så proft at dei blei sendte til manager og produsentar for Cohen.
– Det blei oppretta kontakt og det blei snakk om at ein skulle sende desse songane til dei rette personane rundt Cohen. Han jobba då med den plata som skulle bli den aller siste, og dødsfallet gjorde at det aldri blei nokon skikkeleg kontakt. Dette var i 2015 og tvillingane satt med eit knippe songar som dei ikkje visste heilt kva dei skulle gjere med. Etter ei stund blei eg med på laget, og me bestemte oss for å lage ei plate. Det tok fire år, men nå er ho klar. Me har valt både å gi ut på vinyl og på CD. Kjersti har i tillegg skrive ein tekst som er blitt til ei lita bok som også følgjer med plata, seier Austevik.
Lyst og lett
– Du seier det blir lyst og lett det som skal spelast på vår lunsjkonsert…
– Ja, eg likar formatet som ein har laga til. Difor lar me dei tyngste og mørkaste songane få ligge heime denne gongen. Dei er med på plata, men Cohen har mykje forskjellig. Nå er eg rimeleg partisk i det som kan seiast om trioen vår, men dette er skikkeleg fint. Eg speler gitar, jentene syng og dei har også med seg ein fiolin. På plata har me fullt band, men dei blir ikkje med til Tysvær. Dei tre første konsertane er i Skudeneshavn, på Feøy og under «Rootsen» i Vikedal.
– Sidan dette er den første plata. Kan ein tjuvlytte nokon stad?
– Det ligg litt liveklipp ute på Youtube. Der får ein eit visst inntrykk.
Mange vil nok dra kjensle på namnet til gitarist Austevik også. Med sine natur og fotoprogram på TV Haugaland har han hausta mykje flott kritikk.
– Akkurat nå når du ringer er eg heime på heimekontoret og redigerer nye program som kjem på skjermen nå i vår. Det er ei kjekk avveksling med både musikk og foto.
Trio
Trioen har vore med på ein lunsjkonsert tidlegare då dei saman med MUNOR og Helge Martin Framnes fylte Nygaardsalen til randen.
– Det var også eit kjekt prosjekt. Nå skal me stå på eigne bein, men me håper at mange av dei som var til stades då, tar turen i morgon fredag også. Eg merkar at me har jobba lenge i studio nå, og at det skal bli kjekt å komme ut å spele for folk. Ofte når me speler blir det slik fin lytting til musikken. Det er den som styrer det heile. Me treng nesten ikkje seie noko. Har stor tru på publikum også i foajeen, slik at me alle kan få ei fantastisk oppleving. Me har i alle fall funne fram det finaste og det beste me har å by på. Det trur eg vil falle i smak. Så får me berre beklage at ikkje trykkeriet klarte å få plata ferdig i tide. Hadde vore stas og tjuvstarta salet i Tysværtunet. Eg har spesielt sansen for den opne løysinga, med galleri, musikk, barn og eldre som går rundt der. Eg trur at både Kjersti og Rønnaug Tingelstad, meg sjølv og Leonard Cohen passar perfekt inn. Velkommen alle saman, avsluttar Oddbjørn Austevik.