Folkbandet Rags & Feathers fann namnet sitt frå Leonard Cohen sin vakre song «Suzanne», der tvillingane Kjersti og Rønnaug Tingelstad er «feathers» og Oddbjørn Austevik da blir «rags».
Foto: Oddbjørn Austevik
Folkbandet Rags & Feathers fann namnet sitt frå Leonard Cohen sin vakre song «Suzanne», der tvillingane Kjersti og Rønnaug Tingelstad er «feathers» og Oddbjørn Austevik da blir «rags».

Tar med det vakraste til lunsj

Folkbandet Rags & Feathers fann namnet sitt frå Leonard Cohen sin vakre song «Suzanne», der tvillingane Kjersti og Rønnaug Tingelstad er «feathers» og Oddbjørn Austevik da blir «rags». Fredag er dei gjester i Tysværtunet, og speler gratis lunsjkonsert.

Av og til er me det ein kan kalle griseheldige. Akkurat slik kjennest det ut nå, berre timar før me kan presentere bandet Rags & Feathers på scena vår i kulturhuset. Lunsjkonsertane tar sommarferie allereie nå, med kanskje noko av det finaste og beste som er plateaktuelle for tida.
– Så kjekt da at me er velkomne. Me gleder oss skikkeleg og kjem med eit knippe av dei finaste songane Leonard Cohen har laga. Me kjem snart ut med ein pakke av ei plate med både LP, CD og ei lita bok. Dessverre er ikkje den klar i morgon, men blir å finne mellom anna på konsertane våre i sommar og på «Shabby» i Haugesund, seier Oddbjørn Austevik.
25. mai skal plata vere klar, ei plate det har tatt fire år, ein draum, eit dødsfall og mange timar å lage.

Meir om konserten i papiravisa, torsdag