Breiband til alle

Kommunestyret gjorde i desember vedtak om at alle i Tysvær kommune skal ha eit breibandstilbod. Alle skal ha tilgang på internett heime, dette skal vera regelen, ikkje unntaket.

Det skulle eigentleg berre mangle at me som kommune og tilretteleggjar ikkje hadde ein visjon og mål som peika framover og ikkje bakover. Bakover i utvikling synte Telenor i sine planar om å slutte å feilrette linjenettet sitt etter 1.mai i år. Dette har dei etter press heldigvis endra og dermed sikra at mange i Tysvær og landet elles, der ein ikkje når basestasjonar eller breiband ikkje er bygt ut, får ha tilgang med omverda via internett. For Tysvær kommune er breibandstilbod for alle ikkje lenger berre ein visjon, men eit klart mål som kommunen samarbeidar med fleire aktørar for å klare å innfri.

Kommunestyret gav i sitt budsjettvedtak ei klar bestilling til rådmannen om å setje i gong arbeid for å sikre breiband til alle i Tysvær. Sikre at alle våre innbyggarar kan ha godt fungerande internettilgang, anten via fiber eller andre framtidsretta trådlause nettilgang som fleire utbyggarar gir tilbod om. Diverre er ikkje dette godt utbygt i Tysvær, verken fiber eller basestasjonar. Dette gjer at ein får eit todelt Tysvær der dei som ikkje bur i folkerike områder ikkje har så mange tilbod å velje mellom innan nettilgang som andre. Slik kan me ikkje ha det – slik vil me ikkje ha det. Av den enkle grunn at me ynskjer at folk skal kunne bu og leve i heile kommunen, må også breibandtilgang vera tilgjengeleg i heile kommunen.
Kommunestyret har også vedtatt at alle skal få bu heime lengst mogleg når alderdommen pressar på. Hjelpa skal kome heim til deg ved behov og du skal kunne ha tilgang med både heimesjukepleie og anna via moderne velferdsteknologi. Du skal kunne ha velferdsteknologi i heimen som hjelper deg med stort og smått, men som kanskje er det som gjer at ein faktisk kan bu heime sjølv om helsa sviktar. Mange av tilboda innan velferdsteknologien krev nettilgang, difor må fiber og basestasjonar byggjast ut i heile kommunen. Helsevesenet og deira akuttenester er avhengig av breibandstilgang til ambulansar for oppkopling til sjukehus.

I denne perioden har kommunestyret også vedtatt at elevar i frå 4. – 10. klasse skulle ha eigen bærbar PC. Elevane i 1. – 3. klasse har tilbod om nettbrett. Både PC og nettbrett skal nyttast til å gjere heimearbeid på. Båe treng internettilgang. I dag er det diverre slik at elevar i Tysværskulen bur på stadar der basestasjonar og breiband ikkje er godt utbygt. Dei nyttar linjenettet til Telenor. Dersom Telenor hadde gjennomført planen sin om å slutte å reparere feil etter 1.mai i år ville derfor mange elevar fått vanskar med å gjere leksene sine heime.
Tysvær kommune har eit aktivt landbruk, aktivt næringsliv og næringsdrivande som alle treng breiband. Kommunen har dei siste åra arbeida aktivt med å dra ny næring til kommunen. Dette arbeidet gir nå resultat. I 2019 krev alle at infrastrukturen som fiber/internett er på plass.

Slik som ein i gamle dagar la til rette for at alle skulle få straum og seinare telefon, slik ynskjer kommunen å leggje til rette for at alle i Tysvær kommune skal kunne ha breiband i eigen heim. Fordi breiband i 2019 er noko alle husstandar bør ha tilbod om fordi samfunnet krev det. Tysvær kommune skal saman med ulike leverandørar levere på dette. Planleggingsarbeidet er i full gang.

Sigmund Lier, ordførar (Ap)