Ein slik brannsjef vil me ha

Det har ikkje mangla på verken sirener eller brannbilar på Tysvær-vegane dei siste dagane. Heldigvis ser det ut som om det berre har gått utover tørt gras og brake. Men det kunne gått langt verre, det har me sett på sørsida av fjorden.

av Alf-Einar Kvalavåg

Og det er brenning av tørt gras, brake og småtrær som har gjort at brannfolk har jobba på spreng dei siste dagane. Å halde nede vegetasjonen er ein gamal og viktig tradisjon. Det gir betre vilkår for både lyng og beite. Me er i ferd med å gro igjen, så dette arbeidet bør hyllast, sjølv om det denne gongen gjekk galt.
Men systema er blitt betre, krava er tydelege og erfaring kjem for kvar gong.
Dette er ei erfaring også brannfolk treng. Så då det gjekk galt i heia mellom Hetland og Høie tar brannsjef Dag Botnen det også som ei viktig trening i staden for å dele ut skuld for at det blei ein stor grasbrann av det. I staden for å rekke ein peikefinger til dei som brenn og kultivarar, så kjem han heller med ros.
For som fagmann ser han eit anna problem med gjengrodde beiter og skog og brake som veks opp utan kontroll. Får dette vekse fritt vil ein ved ein liknande brann hatt eit langt større problem. Da hadde ein raskt fått ein storbrann. Dette er fornuftige synspunkt frå ein fagmann.
Samstundes varslar han møte mellom pratane for å diskutere kva som gjekk galt, og korleis ein kan bli endå betre. Det er slik ein faktisk får kompetanse og læring. Å drive med sløkkingsarbeid i naturen, med haug og hammar som arena, er eit tøft oppdrag. Å dyrke fram erfaringar er til heile samfunnets beste.
For me må ikkje glømme at mange av dei som var ute i marka og kjempa mot flammane berre har dette som ein ekstra jobb. Det er grenser for kva erfaring dei får gjennom eit år. Difor er det også svært gledeleg når ein kan lese at både Haugesund og Karmøy deltek på lag med oss, når alvoret er ute. Også frivillige skal ha mykje ros.
Så er det opp til alle oss som ferdast ute i skog og mark å ha respekt for eld når det er tørt. I fjor var det ein lang og tørr sommar utan dei store brannane i Tysvær. Nå ser det ut som om me får meir sol og tørke også om våren.
Det er totalforbod mot å tenne opp eld i marka og i nærleiken av skog og mark. Vis respekt. Det fortener også dei som jobbar med dette.
Og ein ekstra hyllest til dei mange som brukte påsken til å sløkke brann, og til sjefen deira for svært lovande vurderingar. Det likar me.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør