Gledessjokk og andre sjokk

Meiningsmålingar er så mangt. Men når Norfakta får svar frå 500 tysværbuar om kven dei ville stemt på om det var val i dag, så bør ein lytte.

Prosentvis av innbyggartalet er det eit så høgt tal at ikkje berre kan avfeie resultatet.
Og svaret tysværbuen har gitt har sendt sjokkbølger inn i fleire parti.
MGD og SV har fått ein flying start på vegen mot ein plass og to i kommunestyret. Å komme utanfrå det gode selskap og starte opp ein valkamp, kunne neppe fått ein betre start enn å sjå at dei per dags dato hadde hatt ein representant kvar.
Det er eit teikn også i norsk politikk sentralt at dei historisk sett små partia for lengst har begynt å markere seg. Nå begynner jobben med å få gledessjokket til å bli noko meir handfast. Valkampen i Tysvær er lang og vanskeleg.
Andre som bør vere i strålande humør er Arbeidarpartiet og Senterpartiet sine medlemmer. Begge har fått tal som gjer at det må vere lysteleg å starte valkamp. Ein tredel av dei som blei spurt ville ha stemt på AP og Sigmund Lier. Det er kanskje ikkje så uventa for ordførarane i Tysvær har tradisjon for å gjere ein god jobb, og dermed dra stemmer til partiet. Den største overraskinga er kanskje at SP nå rasar fram også i Tysvær. 19 prosent er unnskyld uttrykket, heilt vilt. Partiet har ikkje hatt nokon spesielt synleg rolle i Tysvær dei siste fire åra, men Sven Ivar Dybdal har sine veljarar og støttespelerar. Det er likevel inga tvil om at moderpartiet sin framgang, også har smitta over på tysværbuen.
Finn AP og SP saman etter valet med slike tal, er plutseleg Høgre fullstendig ute i den politiske øydemarka i Tysvær.
Og dei har fått sjokk. Kva dei seier offentleg er éin ting, men desse tala og denne tendensen er eit sjokk for partiet. Partiet er særdeles offensivt og har meiningar og forslag i dei fleste sakene i Tysvær. Svært ofte er det dei som startar opp prosjekta som eit samla kommunestyre står bak. Men det er ikkje alltid dei får folket til å skjøne det. Kan det ha noko med stilen å gjere? Har det noko med toppkandidaten Ola S. Apeland å gjere? Har det noko med Erna Solberg og regjeringa å gjere? Vel, dei har nå fått meir enn nok å snakke om i vekene som kjem. Tysvær Høgre kan ikkje leve med ei oppslutning på rundt 15 prosent. Det ville gitt dei fire mandatar i kommunestyret, noko som dei bør grøsse berre av tanken på.
Det som eigentleg bør sjokkere Høgre mest er at 50 prosent av dei som stemte på dei sist har forsvunne. Rett nok ein stor del til «veit ikkje gruppa», men likevel. Dei hentar inn litt frå Frp, men dei bør stille seg spørsmålet, og det raskt. Kvifor forsvann halvparten av veljarane?

Me kjem med ei ny meiningsmåling etter sommaren. Tysvær Bygdeblad vil takke alle dei som tok seg tid til å svare. Dette er også ein del av demokratiet.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør