Turen går mellom anna til Moster Amfi. Foto: Moster Amfi
Turen går mellom anna til Moster Amfi. Foto: Moster Amfi

Historisk tur til Bømlo

Det er ikkje berre i Tysvær det skjer spennande ting i sommar. Historielaget skal på tur til Bømlo.

– Me skal på «historietur» til Bømlo 6. juni. For det er ikkje berre Tysvær som har mykje spanande historie. Denne torsdagen inviterer Tysvær Historielag på busstur til Bømlo. Her vil ein besøka gullgruvene på Lykling, Rubbestadneset med omvisning på Wichmannsmia og verkstaden til Veteranlaget. Så vidare til alt det som er å oppleva og sjå på Moster med Amfiet og religionshistorisk senter, den gamle kyrkja og tunellvandring i steinriket. Me freistar også med middag på Bømlo hotell, seier Hartvig Waage.
Han håper nå at folk tar kontakt med historielaget, og blir med på ein spenannde tur i nærområdet vårt.
– Det er berre å kontakte oss i historielaget og aller helst Arne Gjerde, seier ein reiselysten Waage.