Det er slutt på Midtsommerfest i Tysvær. I staden blir det fest heile sommaren. Og det begynner med ein storstilt «Tysværdagen» i Aksdal 25. mai.

Alt er klart for den store festen i Aksdal. Tysværdagen skal samle liten og stor. Anders Netland, Helga Borgen Haugsnes, Geir Stakkestad, Lillian Rushfeldt, Johnny Liadal og Ann-Kristin Berge Dahle har hatt ein finger med i planlegginga. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

«Tysværdagen» – den nye festdagen

Det er slutt på Midtsommerfest i Tysvær. I staden blir det fest heile sommaren. Og det begynner med ein storstilt «Tysværdagen» i Aksdal 25. mai.

av Alf-Einar Kvalavåg

«Tysværdagen» har tidlegare vore arrangert inne i storhallen på Frakkagjerd men nå tar ein i bruk heile Aksdal sentrum for at liten og stor skal få ein fantastisk start på sommaren.
– Dette skal vere ein myldredag der ein skal kunne «snope» i utstillingar, stands og underhaldning frå lag og foreiningar i Tysvær. Dette er heilt nytt og me er skikkeleg spente, dette er ein dag som byr på heile kommunen, seier kultursjef Anders Netland.
50 boder med lag og foreiningar som innbyr besøkande til aktivitetar. Til dømes hesteriding, bogeskyting, klatring, fotball, handball, hørselstest, hagetips og mykje, mykje meir. Alt dette skal sørge for eit yrande liv på Lars Hertervigsplass, inne på Tysværtunet, i kyrkja og på Aksdal Senter. Det blir konsertar med lokale artistar, fotballcup mellom dei politiske partia i midlertidig nybygd ballbinge, fortel Netland som er svært glad for at mange lag og foreiningar ser viktigheita av å markere seg under ein slik dag.

Treffstad
Eit av mange mål med dagen er at folk skal kunne møtast for ein hyggeleg prat. Samstundes som laga kan vise fram kva dei driv med. Lokalpolitikarane vil også vere til stades, det same vil kommunen sjølv, som kan svære på spørsmål om det å bu i Tysvær.
Men utan mat og drikke…
– Går det sjølvsagt ikkje. Det blir grilling og fleire anledningar til å kjøpe seg mat og drikke. Me har i tillegg til dei som driv med dette i Aksdal fått med oss matboder og foodtrucks, seier kultursjefen.
– Fortel litt meir om kva ein kan oppleve.
– Det blir gratiskino, mini-tivoli, fotballturnering for barn, førestilling med Politihunden Peter i biblioteket, utekonsert med The Kvednabekkjers, sommarles i biblioteket, utekonsert med Naley & Caliow, skulekorps med fellesinnslag på kyrkjetrappa, visning av brudekjolar og konsert i kyrkja og utekonsert med Emilie Røine Østebø.
– Kva betyr ein slik dag for Tysvær og tysværbuen?
– Me trur den betyr mykje. Det er difor me legg såpass mykje i ein slik dag. Dette skal vere ein dag der ein kjem til Aksdal og treff både folk og lag. Det skal vere underhaldning og noko å kikke på heile dagen. Blant anna skal me ha fokus på hage, og riggar opp eit hagehjørne ved kyrkja. Så vil me sjølvsagt at lag og foreiningar skal få ein plass der dei kan skryte litt av det flotte og viktige arbeidet dei driv.
– Kva vil du seie om artistane som skal spele gjennom dagen?
– Me har fått tak i tre spennande artistar og band som folk flest i Tysvær har høyrt om. Dei passar godt til å spele på ein slik dag. Det blir fine avbrekk, som eg trur vil falle i smak. Så er det stilig å få vise fram nokre av korpsa i eit fellesnummer. Tysvær er ein sterk korpskommune, så dei må med.
– Fotball?
– Ja, tøft ikkje sant. Me skal rigge ein 3 mot 3 bane der me skal sleppe til både ungar og vaksne. Då har me utfordra politikarane til å vise sine fotballferdigheiter. Så får me sjå om det slår ut i valkampen. Kjekt skal det bli uansett.

Alt i bruk
Netland er tydeleg på at dette er ein dag der heile Aksdal sentrum blir tatt i bruk, og at ein nå skal vise fram dei mulegheitene som ein har.
– Det at me har aktivitetar både i kulturhuset, kyrkja og i kjøpesenteret samstundes viser at dette er eit område som me burde nytte oss av langt meir av. Seinare i sommar skal det vere ein storkonsert her, men me ser nå at det også kan nyttast til slike dagar som «Tysværdagen». Det skal vere ein koseleg og spennande treffstad for liten og stor.
– Då er det eit viktig spørsmål igjen. Kor mykje kostar det å komme inn?
– Det er heilt gratis. Det blir selt ting inne på området, men det er ingen inngangsbillett. dette er for alle. Hjerteleg velkomne til både tysværbuar og alle andre som er interessert i korleis me har det, avsluttar kultursjef Anders Netland.