Gratulerer med dagen

Laurdag er det på nytt klart for «Tysværdagen». Denne gongen har ein flytta festdagen ut, og til Aksdal.

Kulturhuset, kyrkja, uteområda og Aksdal Senter er alle med på å lage til ein familiedag, der ein kan treffe på lag og foreiningar frå heile kommunen.

Det er ein viktig dag, ikkje berre for Tysvær og tysværbuen, men også for alle dei som enten har hytte her, eller som vurderer å flytte hit.
Ein slik dag er som ein godtepose i så måte. Her kan ein treffe folka bak det unike frivillige arbeidet som er limet i kommunen. Samstundes vil politikarar og kommunen sjølv vere til stades. Her blir det garantert takhøgde og mulegheiter til å spørje om det ein lurer på.
Eg oppfordrar deg til å komme til Aksdal, vere ein del av fellesskapet og vere med på alt det kjekke som skjer. Ta ungane med, slik at dei kan få pirre nysgjerrigheita. Det gjer noko med oss når me klarer å samle oss slik som dette. Eg trur ein slik dag kan gjere oss endå meir stolte av å vere tysværbuar, og det kan, og bør vere ein dag der me ønskjer å vise oss litt fram.

Ideen bak ein Tysværdag kom for eit par år sidan. Steinsvik Arena var vert for dei første dagane. Det er slett ikkje nokon dum ide å flytte utomhus og til Aksdal. Marknadskjensla kjem med ein gong ein ser teikningane over «festivalområdet». Miksen av mat, opplevingar og folk gjer det same. Her skal ein kunne slappe av, kikke seg rundt og få noko godt å bite i. Det er tilbod for liten og stor. Og dette treng Tysvær meir av. Me har nokre flotte «dagar» rundt om i kommunen, men me treng mykje meir av slikt.
Slike sosiale treffpunkt gjer nemleg noko med oss. Det er null stress og ein flott anledning til å treffe andre. Til å oppleve noko godt på heimebane. Kanskje tar me oss av nokre gjester også.

Tysværdagen er i startfasen og slett ikkje ferdig forma. Men det eg ser likar eg, og vil ønskje alle ein strålande flott dag i Aksdal på laurdag.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør