– Me har fått Telenor på banen. Ingen skal vere utan dekning i Tysvær, lovar ordførar Sigmund Lier.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
– Eg skal til Bergen og fortelle at me ikkje vil ha fleire planar for vindmøller i Tysvær, seier ordførar Sigmund Lier.

Vindmøller i Tysvær: – Nok allereie

Ordførar Sigmund Lier reiser i morgon til Bergen på eit vindmøllemøte i regi av NVE.

Der vil han nytte taletida til å forklare at Tysvær ikkje vil ha fleire planar enn dei som allereie ligg der.
– Me har i dag tre areal under vurdering, og det er meir enn nok. Desse skal til politisk handsaming seinare i år, og me får sjå kor det endar. Men ein ting vil eg vere klar på under møtet, me vil ikkje ha meir, seier Lier.
Han meiner at regjeringa heller bør flytte fokus på karbonlagring slik at Europa kan får rein hydrogen frå mellom anna Tysvær.
– Skal det byggast fleire vindmøllen må det skje offshore og til havs. Det har ein gode erfaringar med. Me vil heller at fokuset på land i framtida skal rettast mot ei hydrogensatsing, seier ordføraren.
11. juni skal det vere eit ope folkemøte om vindmøller i Tysværtunet.
– Me er invitert til dette møtet og eg reknar med at der får me høyre frå fleire sider ved vindmøllesatsinga. Men først er det viktig for meg å seie mi og vår meining på NVE-møtet i Bergen, avsluttar Sigmund Lier.