Ekteskapet er over

Det var ein del som rista lett på hovudet då Høgre og Arbeidarpartiet fann saman etter valet for fire år sidan. Skeptikarar i begge leirar likte det ikkje, men gav det likevel ein sjanse.

Kva partia og politikarane utanfor tenkte om det politiske ekteskapet får me nok aldri svar på, men nå er det over. Ektefellene Ola S. Apeland og Sigmund Lier har gjort det slutt. Brått og brutalt, slik skilsmissar ofte kan vere.
La oss snakke litt om dette ekteskapet som har vore styrande for Tysvær desse åra. Det har vært gi og ta. Høgre-saker har blitt til AP-saker, og motsett. Lier har fått skryt for det Apeland har jobba fram, og motsett. Dei har gitt med ei hand og tatt med den andre. Godt politisk arbeid har gitt dei ros. Dårleg politisk arbeid har gitt dei fortent kritikk.
I gode tider var det nok kjekt å ha eit så stort fleirtal i kommunestyret at det berre var å bli einige i «familien» så var det heile i boks.
Men når det begynte å bli stress, når meiningsmålingane begynte å vise at den eine i ekteskapet fekk så mykje meir ut av det enn den andre, var det berre ein veg vidare. Skilsmisse.
Og den er ikkje vakker. Når duellantane nå dundrar inn i ein valkamp blir det ikkje gitt ved dørene. Nå skal det kjempast knallhardt om å få fram bodskapen. Og det blir ein kamp som neppe blir vakker. Først og fremst fordi dei to partia stadig blir likare kvarandre i Tysvær. For det andre så er det ingen store og tunge saker som dei to partia nå treng å halde seg til. Då blir det sak for sak, og kampen med å sleppe nyhenda og lovnadane først.
To eksempel. Kobbarnettet som skal vekk. Kven var først ute i den saka, og kven vil mest for å sikre tysværbuen i framtida. Lukke til med å avgjere det. Nei til ungdomsskule i Aksdal og ja til oppgradering av FUS. «Rekne med at du tok ann…» Kven var først?
Og slik kan ein ramse opp små og store saker som tærer på eit ekteskap av denne typen. For det er ofte dei små tinga som veltar dei store ideane.
Samstundes må ein ikkje glømme at det å ville ha makta i ein attraktiv kommune som Tysvær også er ein kamp som må vinnast. Det skjønar både Apeland og Lier. Betre for forholdet deira blir det ikkje at Svein Ivar Dybdal og Senterpartiet har komme i ein situasjon der dei kan fri til begge partia. Frir dei til Lier og dei finn tonen, ja då er ikkje berre Apeland og Høgre kasta ut av eit politisk samspel, dei er bokstavelegtalt kasta ut i den politiske skuggen for lang tid framover. Om då våre meiningsmålingar held stand i september.
Og akkurat dette bør ri Høgre-gjengen som eit mareritt. Kor spiselege er dei etter samarbeidet med AP? Kven får skulda for at dei to partia fann tonen etter sist val, og ekskluderte alle dei andre partia rimeleg raskt.
– Me har samarbeida godt på tvers av alle parti, seier begge dei to leiarane. Lett å seie, men slett ikkje det me har høyrt.
Valkampen 2019 kjem til å handle om det nære og det som folk flest bryr seg om. I tillegg til ein ordførarkamp det er lenge sidan me har sett makan til. Om det blir eit nytt ekteskap får tida vise, men eit par har brent seg litt i det som var. Så spørs det om ein har lært noko.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør