Tida LEGER alle sår?

Følger du med i lege-sakene i Tysvær? Vel, det er ikkje lett, og det spørs om det blir ei avklaring i næraste framtid.

Kor vanskeleg kan der vere? Vanskeleg viser det seg. Berre dei siste dagane har det vore fleire saker oppe både til offentleg handsaming, og som har florert på folkemunne.

– Me garanterer at innbyggarane våre har nok, og gode legar. Det seier Jorid Vea Isdahl som er helse- og førebyggingssjef.

Då får me stole på det, medan debatten om nye tilsettingar og tomteval framleis surrar og går. For kva er fakta nå? Er det sant at legen som fekk tilbod om å bli den nye «Egenberg» eigentleg aldri var i forhandlingar om denne stillinga, fordi ein fast stilling i Haugesund lokka meir? Om det er sant, og eg trur det, så er det eit nytt prov på at faste og sikre stillingar må til i Tysvær, og det nå, om ein skal rydde opp i dette. Det er politikarar som har fanga opp dette signalet og som nå snakkar høgt om faste stillingar. Dei får støtte frå fagmiljøet, men tida vil vise om dette er valflesk eller noko det ligg skikkeleg tyngde bak.

Så er det debatten rundt eit nytt legesenter i Aksdal. Politikikarar og administrasjonen har lenge sagt at det må skje i 2. etasje i Albatrossbygget.
– Nei, takk og altfor dyrt, seier legane.
Då har nokon komme opp med den gode ideen å tilby dei ny tomt i Aksdal. I den såkalla trekanten, eller ein annan stad.

– Med dei prisane som er i Aksdal sentrum kan ein berre glømme det. Trur dei at det er Haugesund sentrum?, seier ein av legane til oss denne veka.
Vårt råd er å rydde opp nå. Denne diskusjonen har vart lenge nok og er direkte pinsam. For kommunen, for legane og ikkje minst for utviklinga av Tysvær som eit sentrum med gode helsetenester.
Nå har politikarar med handlekraft ei stor mulegheit til å vise musklar. Det same har rådmann Sigurd Eikje, som i vanskelege saker tidlager har våga å stå opp. Nå, Eikje er det på tide med ein skikkeleg vårdugnad innan legetenester og areal til desse.
For eit av problema til dei som jobbar med desse sakene er at folk snakkar saman, gjer sine eigne vurderingar, og bringer sine versjonar vidare. Sladder heiter det på folkemunne, men dessverre har det ofte noko med seg. Er det noko legane i Tysvær ikkje fortener er det evalueringar basert på sladder og synsing. Dessverre er det berre våre folkevalte og kommunen sin administrasjon som kan stoppe dette.
Så eg gjentek meg sjølv; Gjer det nå.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør