Kvart år speler elevane fotballkamp mot lærarane på Førre skole siste dag før sommarferien. Foto: Ingvild R. Myklebust
Kvart år speler elevane fotballkamp mot lærarane på Førre skole siste dag før sommarferien. Foto: Ingvild R. Myklebust

Sommarferien er her!

I dag ringte skuleklokkene for siste gong på mange veker. Sommarferien står for dør, og det blei feira med kjekke aktivitetar rundt om på skulane i Tysvær.

Eit skuleår er forbi, og nå ventar ein lang pust i bakken for både elevar og lærarar. På Førre skole hadde dei i tradisjonens tru ein fotballkamp mellom lærarar og elevar. Denne gongen var det lærarane som stakk av med sigeren, i artige kostyme for anledninga. For kvar målskåring fekk den som putta målet ein is i handa.

Gler du deg til sommarferien? Send oss gjerne dine sommarbilde, eller merk dei med @tysversommar19!