65109329_2243921402362015_1377342883081748480_o (1)

Pynta opp camping-plattingane

Om ein skal stoppe innom Hervik Camping med vogn eller bubil får ein nå selskap av desse stilige figurane på plattingen.

Det er Karita Wold Jøsang som har pynta plattingane på Hervik Camping med kreative figurar laga av dekk.
Det er dei fem plattingane er for dei som kjem innom med bubil eller campingvogn som nå har fått eit løft.
Jøsang har også laga fleire figurar som dekorer campingplassen.
– Barnebarnet mitt Karita har komme på ideen og laga desse figurane. Tanken var å ha noko framfor plattingane så det ikkje såg så tomt ut. Ho er kreativ, og vil gjerne lage meir, seier Kåre Wold ved Hervik Camping.
Han fortel om travle dagar på campingen, med mellom anna rigging av sommarfest for campinggjestane i desse dagar.