Her på servicetorget på rådhuset kan ein få hjelp om ein har spørsmål om valet. Liv Jorunn Frønsdal melder at partia får svar den 7. mai om listene deira blir godkjent.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Det er i servicetorget det skjer. – Her kan ein både tidlegstemme og førehandsstemme, fortel Liv Jorunn Frønsdal.

Du kan stemme allereie no

Frå og med måndag 1. juli har du moglegheit til å stemme ved haustens val. Tidelegstemminga er meint for dei som er vekke i perioden fram mot 9. august og på valdagen

– Om ein ikkje har moglegheit til å stemme under førehandsstemmeperioden eller på sjølve valdagen, så kan ein møte på rådhuset og få hjelp servicetorget, slik at ein får avlagt stemme. Dette gjeld frå og med 1. juli, seier Liv Jorunn Frønsdal frå kommunen.

Tidlegstemminga gjeld altså til og med fredag 9. august. Den påfølgande måndagen 12. august overtar førehandstemminga. Den varer fram til valdagen 9. september.

Mange moglegheiter   

Under førehandsstemminga vil ein kunne møte på servicetorget og avlegge stemme alle kvardagar klokka 08-15.30. I tillegg blir det mogleg å stemme torsdag 29. august i foajeen i Tysværtunet, det same gjeld laurdagane 24. og 31. august.

I slutten av august vil det også vere førehandsrøysting ved omsorgsinstitusjonane i kommunen.

Husk legitimasjon  

Det er altså mange moglegheiter og få unnskyldningar for å ikkje stemme ved årets val. Det er berre å finne ein dag som passar, og hugse på å ta med seg éin ting.

– Legitimasjon. Ein må ha gyldig bevis med bilde for å få stemme. Så er det flott om ein også tar med valkort. Ein får likevel stemme, om ein ikkje har kortet med, men det går raskare, informerer Frønsdal.