Kvartetten Espen Lind, Kurt Nilsen, Alejandro Fuentes og Askil Holm avlyser lørdagens konsert i Tysvær. Foto: Expectations
Kvartetten Espen Lind, Kurt Nilsen, Alejandro Fuentes og Askil Holm avlyser lørdagens konsert i Tysvær. Foto: Expectations

Fredag er avlyst – no blir det gratiskonsert!

Førre veke var det berre seld rundt 200 billettar til utekonserten med Kurt Nilsen og co. No avlyser arrangørane konserten, men sett i staden opp ein gratis utekonsert!

Det er selskapet Expectations AS som i samarbeid med Stegaberget IL, Tysvær kommune og det lokale næringslivet som står bak konserten, som skulle vore i morgon.

Salet svikta

Bygdebladet har fleire gonger skrive om den store utekonserten med Kurt Nilsen, Alejandro Fuentes, Espen Lind og Askild Holm, på Lars Hertervigs plass.

Det er plass til rundt 3.000 menneske, og ein såg for seg at dette skulle bli ein stor happening for heile familien. Men slik blei det ikkje. Då lokalavisa laga sak førre veke, var det ikkje seld meir enn omlag 200 billettar.

Gratiskonsert

Natt til tysdag kom arrangør Expectations AS ut med ei pressemelding, der dei fortel at konserten i morgon utgår, og det i staden blir ein gratis folkefest 7. september. Dei skriv ingenting om årsaka til endringa.

Så nå kan altså liten og stor få gleda av å oppleve kvartetten som gjorde det stort som «gitarkameratar» for ti år sidan, på festplassen i Aksdal – heilt gratis. Og det stoppar ikkje der, også Muddy Young kjem. Pop-duoen frå Tysvær, som består av Jarle Hundsnes og Jan-Otto Eriksen, vil servere ny musikk for publikum. Dei er aktuelle med ny EP, har vore på turné i Europa og signert platekontrakt.

LIND+NILSEN+FUENTES+HOLM er for tida på Norgesturné og får svært gode kritikkar. No håper arrangørane at mange vil ta turen til den gratis utekonserten 7. september i Aksdal.

– Og alle som har kjøpt billett til i morgon vil få desse refundert, opplyser Expectations AS.