Geir Jørgensen, Kalle Aasland og Arnt Ove Kvernenes i Po'boys heldt ein lystig konsert på AOI på Frakkagjerd.
Geir Jørgensen, Kalle Aasland og Arnt Ove Kvernenes i Po'boys heldt ein lystig konsert på AOI på Frakkagjerd.

Bluestonar og trampeklapp på AOI

Det var topp stemning og stor entusiasme då trioen Po’boys heldt konsert for heile AOI torsdag ettermiddag.

Arbeidstakarane på AOI på Frakkagjerd fekk eit musikalsk avbrekk i arbeidsdagen då bandet Po’boys kom innom for å halde konsert for dei. Musikken fall tydeleg i smak hos publikum, og det gjekk ikkje lenge før jubel og applaus sat laust. Det var ein spontan konsert, då eitt av bandmedlemma, Geir Jørgensen, som jobbar i Tysvær kommune, kvelden før føreslo å halde konsert på AOI. Dette var leiinga sjølvsagt positive til, og på ein, to, tre blei det ein intim og flott konsert på pauserommet til AOI.
Spesielt stor applaus fekk Arnt Ove Kvernenes då han spelte munnspel utan å bruke hendene, og laga musikk av gryntande leike-grisar.
– Det var kolosalt kjekt å komme hit å spele, sa Kvernenes etter konserten.

Kjem til Tysværtunet

Po’boys er ein trio som består av Arnt Ove Kvernenes på munnspel, Kalle Aasland på gitar og vokal og Geir Jørgensen på bass. Dei har spelt saman eit par år, og det var ei tilfeldigheit at dei tre hauagalendingane fann kvarandre og begynte å spele saman.
Denne veka har dei hatt konsertar på Ryvarden og på opninga av Sildajazzen, og då dei var på AOI kom dei rett frå konsert på Equinor på Kårstø.
Po’boys speler popmusikk frå 20, 30 og 40-talet, og mykje er blues.
– Eg trur det er songar som treff publikum sjølv om mange nok ikkje har høyrt songane før, seier Arnt Ove Kvernenes.
Musikken slo i alle fall an på AOI, det var det liten tvil om.
I slutten av september held Po’boys også lunsjkonsert på Tysværtunet.