Espen Eriksen Trio og Andy Sheppard under årets Maijazz i Stavanger.
Foto: Trine Nessler Wichmann
Espen Eriksen Trio og Andy Sheppard under årets Maijazz i Stavanger.

Espen sin trio rullar vidare

Espen Eriksen Trio har hatt ein eventyrleg suksess dei siste åra – særleg i utlandet. Nå er dei på veg til Haugesund.

– «Folk flest» bor jo i utlandet, så det er vel ikkje noko overrasking at jazzmiljøa er noko større der. Men me har i år spelt blant anna på festivalane Vossajazz, Maijazz og Anjazz i her heime, og det er alltid kjekt å få spelt rundt også i Norge. Nå ventar det ein del spelejobbar både i inn- og utland før me er på scena i Festiviteten 22. september. Det blir stas, seier Espen Eriksen
Trioen som nå har spelt saman i over ti år består av Eriksen på piano, samt Lars Tormod Jenset, bass og Andreas Bye på trommer. Responsen på både platene og konsertane har vore strålande. Men å sleppe til på heimebane har ikkje alltid vore like lett for tysværbuen. Denne gongen løyste alt seg.
– Må få lov å skryte av Tom Erik Anfinsen på Festiviteten som tok kontakt med meg og spurte om vi ville spele der. Det er ei flott scene der me kan «mikke» opp instrumenta våre og «ta litt ekstra i». Me har denne gongen med oss saksofonisten Andy Sheppard, som også var med på den siste plata vår «Perfectly unhappy». Det blir ein del låtar frå den plata, samt nokre av våre hits. Det skal bli ein flott og innhaldsrik konsert, lovar Eriksen.

Travelt
Grindebuen har hatt det travelt med turnear i ei rekke land. Men litt tid til nytt materiale er det blitt.
– Me jobbar med ei ny plate allereie til neste år. Den blir berre med trioen. Dei siste platene våre har vore etterspurte og det er heldigvis framleis ein marknad der ute både for CD og vinyl. Så neste år ein gong kjem det nye låtar, seier Eriksen.
Året etter ser trioen for seg ei ny plate saman med Sheppard.
– Korleis har det samarbeidet vore musikalsk?
– Det har vore heilt fantastisk og har vore heilt naturleg frå dag ein. Med saksofon kan me variere meir, og responsen frå publikum har vore overstrømmande. Andy Sheppard er jo ein av dei største saksofonistane i verden innan vårt musikkfelt og kan vele og vrake kven han vil spele med. At også han er supergira på dette samarbeidet set me veldig stor pris på, seier Eriksen om samarbeidet med den britiske stjernesaksofonisten.

Lytting
Konsertar med Espen Eriksen trio er til å nyte. Og til å lytte. For det er melodiøst og lett for konsertpublikummet å henge med. Pianostemma er strålande og leiken, og saman med dei svært dyktige musikarane Jenset og Bye får ein musikalske opplevingar på høgste nivå.
– Me har blant anna nokre blodfans frå Finland som reiser rundt og går på konsertane våre. Dei seier at alle konsertane er heilt forskjellige. Det er alltid noko nytt å oppleve. Og det er litt av meininga i dette. Konsertane blir også skapt litt i kontakten med publikum og salen. Me speler både i store salar og på tronge klubbar. Kvar konsert lev då sitt eige liv, seier Eriksen.

Julelunsj
Etter at Eriksen har spelt seg ferdig med trioen for i år er det tid for julekonsertar saman med trompetist Gunnar Halle. Og i desember kjem dei tilbake til Tysværtunet og speler gratis lunsjkonsert. Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet kulturhus hadde eit sterkt ønske om dette, og nå har bitane falle på plass.
– Me er veldig takknemlege for å bli invitert tilbake og gler oss allereie. Skal ta et litt tidlegare fly denne gongen, ler Eriksen og minnast forseinkingar på Gardermoen i fjor.
– Eg og Gunnar skal spele ein del julekonsertar i november og desember blant anna i Spania. Det å komme heim er ekstra kjekt og konserten i fjor, med fullt hus, og mange positive kommentarar var ein fin konsertoppleving. I tillegg var det mange som ville kjøpe plata vår fysisk og det er ekstra stas. Den plata har faktisk gått så bra at plateselskapet vårt for to år sidan bestemte seg for å gi den ut også på vinyl.
– Når ein ser på «vanlege» julekonsertar så er denne konserten meir balsam for sjela. Kva tenkjer du om det?
– Det er i alle fall det me prøver på. I staden for å lesse på med glitter lager me heller litt kontrastar og uvante arrangement slik at dei kjente julesongane kan få tre fram på nye måtar. Eg trur også at det gir publikum rom for ro og ettertanke. Det er jo meir utfordrande å skape slike stemningar i ein fullt opplyst foajé midt på blank formiddagen, men me merka det i fjor at det blei veldig stille og litt sånn andektig stemning. Det var ei veldig spesiell oppleving og eg kan love at eg og Gunnar skal gjere vårt beste for å gi folk eit pusterom og julestemning også i år.