Ordførar Sigmund Lier snakka varmt om utvikling av hydrogen i si tale på landsmøtet. Foto: AP
Ordførar Sigmund Lier har skrive svar til Ola S. Apeland etter varaordførarens innlegg i Tysvær Bygdeblad.

Svar frå ordførar Lier: – Apeland, du veit betre

Varaordførar og gruppeleiar i Høgre, Ola Apeland har i ope brev stilt ein rekke spørsmål knytt til dei tre konsesjonane som tidlegare er gitt i Tysvær, i tillegg til arbeidet med høyringsuttale for regjeringa si nasjonale ramme for vindkraft som NVE har ute på høyring.

Det blir prøvt skapt eit bilete der det skal sjå ut som om det har vore halde møter som ikkje tåler offentlegheita sitt lys. Dette er sjølvsagt feil og varaordførar veit betre gjennom sitt verv og gjennom den informasjonen han har fått i våre faste samarbeidsmøter med politisk leiing og rådmann, og gjennom sitt politiske virke som medlem i formannskapet.
I ei tid der kommunen meir enn nokon gong må stå samla om eit felles NEI til vindsatsing i kommunen, er det beklageleg at varaordførar og H prøver å skape ein konkurranse om kven som er mest i mot vindparkane. La det vera sagt med ein gong; Arbeiderpartiet er i mot at det skal kome fleire konsesjonar for vindindustri i vår kommune. Ordførar og Arbeiderpartiet vil også arbeide aktivt for å stanse dei konsesjonane som allereie er gitt. Dette er kjent stoff og har vore på trykk både i lesarinnlegg frå underteikna og intervju med Tysvær Bygdeblad.
Dei tre vindparkane i Tysvær har fått konsesjon for fleire år sidan. Tysvær vindpark fekk sin konsesjon allereie i 2006, Gismarvik vindpark i 2013 og Dalsbygda vindpark i 2014. Altså var det andre samansetjingar av kommunestyret enn det som har vore i denne perioden. Varaordførar sitt eige parti satt me ordføraren frå 2007-2015. Med referanse frå arkiv frå TB var det og ein lokalpolitikar frå H som var ein sterk pådrivar for positiv uttale for Tysvær vindpark i si tid. Då saka den gong var til drøfting i formannskapet i 2005, stemte Arbeiderpartiet sine representantar mot vidare arbeid med parken. Fleirtalet ville det annleis og i 2006 var konsesjonen eit faktum. Felles politisk motstand mot planane vart det likevel i 2007 då det vart kjent at utbyggar likevel ikkje ville leggje strømtilføringa i kabelgrøft noko TK hadde krevd.
Skal kommunen kunne vinne saka om å stoppe vindkraft må me stå samla. Difor fører det ingen stad hen om me skal rette kritikk og spørsmål om det enkelte parti, eller kommunestyre sin vilje til å stanse vindkrafta på land. Difor er det på nytt mi oppfordring til alle, og i dag i sær til varaordførar Apeland om å vera med på eit felles lag der kommunen politisk seier eit klart nei til vindparkar i kommunen. Eit slikt vedtak fekk me gjennom Teknisk utval då høyringa om Tysvær vindpark var til behandling i vår. Ordføraren vart av Apeland kritisert at han nytta sitt høve til taletid i utvalet. Ordføraren er av den klare oppfatning at det er viktig med eit felles nei no og var derfor svært glad for at også H til slutt støtta dette tydelege vedtaket om nei til forlenga igangsetjingsfrist, nei til endra MTA og eit klart krav om full konsekvensutgreiing dersom NVE likevel skulle kome Tysvær vindpark i møte. H vart av andre medlemmer i utvalet bedt om å kome med sine punkter som var knytt til utsetjingsforslaget med i fellesforslaget. Dette takka dei likevel nei til.
Ja, ordføraren har møter og telefonar med næringsaktørar, ofte og ikkje sjeldan fleire i veka. Det har vore bedt om kontakt med ordførar både frå representantar frå Dalsbygda vindkraft, Tysvær vindpark og Gismarvik vindpark. Solvind som ein aktør for Gismarvik.

Det har vore bedt om møte for å gå gjennom teknisk utval sin uttale for Gismarvik vindpark der ordføraren tok opp både skepsis på høgder og fare for iskasting. Hensynsoner rundt møllene var tema. Korleis representantane for Solvind opplevde møtet må vera deira sak, men ordførar formidla det synet som utvalet hadde kome med i si sak i tillegg til skepsis om nemnde moment. Ordførar var og i kontakt med NVE om forlenga frist for uttale utan at NVE ville imøtekomme dette.
Apeland limer i sitt lesarinnlegg ein epost med ynskje om møte. Solvind har også bedt Arbeiderpartiet om møte, truleg ynskjer dei å møte dei enkelte partigruppene i og med at motstanden politisk i Tysvær er tydeleg.
Agent for Tysvær vindpark har kontakta ordføraren ved fleire høve for å få nytt om kva tid endeleg uttale frå Tysvær er klar. Ein av grunneigarane for Dalsbygda har og vore i kontakt med ordførar. Signal og felles for alle tre er at ordføraren har formidla at ja dei har konsesjon, men og at politisk nivå i Tysvær samla ikkje ynskjer at reguleringsplanar for parkane skal endrast og at me heller ikkje vil utsetje igangsetjingsfrist.
Apeland kritiserer også ordføraren angåande innspelskonferansen for nasjonal ramme for vindkraft som var i Bergen i vår. Dette undrar meg. Ein innspelskonferanse varer heile dagen der nettopp ulike aktørar kjem med innspel til oppsett tid. Tysvær kommune fekk tildelt tid som alle andre og ordføraren fekk formidla vårt syn. Eg har trygge varaordførar på at eg var til stades på store deler av samlinga, men nådde ikkje starten grunna ei bedriftsopning i kommunen.
Apeland var godt kjent med innhaldet i presentasjonen, den var tema på vårt mandagsmøte i tillegg vart den også vist i formannskapet sitt møte 4.juni der rådmannen også hadde ei kort økt om statusen på dei ulike vindparkane som har konsesjon i kommunen.
Apeland meinar ordføraren kom med personlege ytringar når han tok opp hydrogenproduksjon på Kårstø i sin presentasjonen for departementet på innspelskonferansen. Det er eg svært ueinig med varaordførar i. Vindmøllesatsinga til regjeringa er for å sikre Europa meir energi. Alle veit at vindmøller på land ikkje vil sikre dette behovet. Fornybar energi vil ikkje på lenge kunne dekke det behovet som Europa har, men rein naturgass vil vera nødvendig lenge for Europa. Dette kjenner varaordførar godt til og ordførar inviterte nettopp varaordførar med på ei samling for EU minister og EU ambassadørar som kommunen var vertskap for for ei tid tilbake.
Gjennom regionen sitt eige program RENergi er nettopp hydrogen ei av satsingane. Dersom regionen lukkast med dette vil dette kunne sikre ei forlenga levetid for Kårstøanlegget. Dette kjem ordføraren til å arbeide sterkt for lenge og mykje. At Apeland kallar 10 kommunar sitt eige program ordføraren sine personlege meiningar kan eg ikkje forstå. Apeland var rett nok svært kritisk i kommunenplannemnda sitt besøk på Kårstø der naturgass og hydrogen var eit av temaene. Kårstøanlegga har i dag 1000 arbeidsplassar. Mitt håp er at også Apeland skal stå opp for fornya føde inn til Kårstø, elektrifisering av anlegget og framtidig Hydrogenproduksjon.
Kvifor er dette viktig når me arbeidar mot vindmøller på land? Jo fordi vind på land ikkje hjelper Europa sitt energibehov, men det gjer hydrogen og naturgass. Dermed er det heller ikkje behov for vindparkar på land i vår kommune.
Haugalandet har i tillegg ei viktig satsing på flytande havvind. Dette prosjektet har eg stor tru på og er noko regionen samarbeidar om. Vindmøller på land treng me ikkje, men eg har tru på vindmøller til havs, noko også NVE påpeikar er interessant.

Varaordførar Apeland og H lokalt sin største motstandar er ikkje andre politikarar i kommunen, ei heller ordførar. Felles for oss alle er at me er i mot vindmøller på land. Den største motstandaren er varaordføraren si eiga regjering. Dei må han heller rette skytsen mot, noko eg enno ikkje har lagt merke til at han har gjort.
På Energirikekonferansen 2019 har olje- og energiministeren vore tydeleg på regjeringa si fornybarsatsing med vannkraft og utbygging av store områder for vindmøller på land. Det siste er vår felles store utfordring. Ministeren gjentok likevel, på oppfordring frå underteikna, at når det gjaldt nasjonal ramme for vindkraft ville lokale omsyn taes. I områder med sterk motstand ville dette vege med i departementet sine vurderingar. Det gir ordføraren energi til å halde fram med motstanden mot vindindustrien.
Olje- og energiministeren var diverre også svært tydeleg på at gitte konsesjonar var gitt og kunne ikkje endrast. Ordføraren vil likevel arbeide for at me lukkast med å stoppe vedtatte planar. Varaordførar inviterer Arbeiderpartiet med på dette, når det gjeld Gismarvik. For ordføraren og Arbeiderpartiet vil dette arbeidet gjelde alle tre konsesjonane og eg håpar på ein samla politisk vilje i dette arbeidet. Det gjer me gjennom å seie nei samla og ikkje utsetje å gjere vedtak. Det gjer me gjennom å ikkje godta forlenging av igangsetjingsdatoar, det gjer me gjennom krav om breie konsekvensutgreiingar dersom NVE likevel vil forlenge fristane.
Apeland har bedt om fagdag, noko formannskapet støtta. Formannskapet støtta også forslaget om at Haugaland Vekst burde vera ein grei arrangør for dette arrangementet.
Det politiske miljøet i Tysvær er imot fleire vindparkar på land. I så måte bør alt liggje til rette for ein klar og tydeleg uttale frå kommunestyret både når det gjeld nasjonal ramme for vindkraft, og saka om Tysvær vindpark 1.oktober.
Me er samde politisk i denne kampen. Eg trur på samarbeid, også i denne saka.

Sigmund Lier, ordførar (Ap)