Måndag starta skulane opp igjen, og mange små hadde sin første skuledag. Blant førsteklassingane på Grinde, er Vilde Marie K. Sundfør. Ho går på same skule som både bestefar («Beste») og foreldra sine, Leif Rune og Solvor.
Skulevegen
Me besøker henne og familien heime på garden i Våg fredag før skulestart.
– Eg gler meg mest til å få nye venner og ha lekser. Eg har øvd meg på nokre av dei tinga me skal gjere på ipaden, og det er akkurat som å spele spel. Eg trur det blir kjekt eg, fortel 6-åringen ivrig.
Sjølv om det meste skjer på ein liten maskin i dag, synst Vilde Marie det kjekkaste er å bruke henda.
– Her har eg skrive eit brev til mor, og her har eg laga nokre fine boksar av mjølkekartongar. Og her har eg strikka handvarmar…. Ho viser oss ivrig alt ho har laga på rommet sitt. Flotte perlesmykke, ting til dukkehuset… det manglar ikkje på verken evner eller kreativitet.
– Du verkar å vere klar for å byrje på skulen du?
– Det er eg! nikkar ho alvorleg.
– Det einaste som kanskje blir litt skummelt er å gå heile vegen ned til postkassane, der taxien kjem og hentar meg om morgonen. Eg skal dele med to andre, så me er heldigvis fleire. Men den vegen, er kanskje litt lang.
«Beste» smiler og minnest sin skuleveg for 60 år sidan.
– Lærar Ivar Alendal, som budde i Skjold, kjørte oss kvar dag. Han hadde ein bil som tok 9-10 stykk, og me var vel 13-14 som blei plukka opp av han kvar morgon. Me satt på fanget til kvarandre. Det hadde nok aldri gått i dag, fortel han og ler.
Klassekompisar
Då me ber Sigmund fortelje det han hugsar frå første skuledag i 1959, på ein heilt ny skule i Grinde, fortel han utan å nøle Han hugsar mykje. Lærerinna Laura Larsen, kom frå Sandeid og var nyutdanna. Ho bur framleis i Grinde den dag i dag.
– Eg synst det var skummelt den første dagen og heldt mor godt i handa. Ho måtte vere med meg heile dagen. Då me skulle stille opp i rekker, heldt eg lærerrinna i handa. Men dagane etter gjekk det betre. Eg kjente berre til eit par av dei eg byrja i klasse med, men kjente ingen godt. Det var så store avstandar og me hadde selskap av kvarandre i søskenflokken på fem, så behovet for leikekameratar var der ikkje. Men etter kvart fekk eg meg mange venner på skulen også, fortel Sigmund.
– Dei fleste eg kjenner frå barnehagen skal byrje i B-klassen og eg skal gå i A. Men eg trur nok at eg også kjem til å få meg mange nye venner. Så kan eg leike med alle i friminutta, det gler eg meg til, kommenterer Vilde Marie.
Gardsfamilie
Dei kjem frå ein familie av bønder. Sjølv har Sigmund og kona nyleg gitt over drifta til eldstesonen. Og Leif Rune som er nest eldst har kjøpt garden han var avløysar på i Våg. Her stortrivst familien.
– Me har mykje å gjere her. Det er alltid noko gøy å finne på. Men eg skal nok ikkje bli bonde, eg vil bli kunstnar i staden, fortel Vilde Marie.
– Eg trur nok me held ein knapp på Solveig Kristin (4), seier pappa Leif Rune og kikker på den mellomste dottera si.
– Ja, eg skal bli bonde, nikkar ho strålande og fortel korleis ho liker å hjelpe til med sauene.
Kva Ruth Elida på to år bestemmer seg for i framtida, kan ho nok først svare på om nokre år.