For kort tid seiden hadde vi besøk av utviklingsminister Dag Inge Ulstein, vi besøkte Kårstø anlegg, lunsjtreff på LØÅ, Frakkagjerd og gjenbruksbutikken Galleri Normisjon i Aksdal.
For kort tid seiden hadde vi besøk av utviklingsminister Dag Inge Ulstein, vi besøkte Kårstø anlegg, lunsjtreff på LØÅ, Frakkagjerd og gjenbruksbutikken Galleri Normisjon i Aksdal.

Minister på besøk i Aksdal

For kort tid seiden hadde vi besøk av utviklingsminister Dag Inge Ulstein, vi besøkte Kårstø anlegg, lunsjtreff på LØÅ, Frakkagjerd og gjenbruksbutikken Galleri Normisjon i Aksdal.

INNSENDT INNLEGG: Besøket på Kårstø-annlegg gav både innsikt og utsikt. Vi sit att med inntrykk av at næringspolitikk i Tysvær og på Haugalandet, viser at framsynte politikarar før oss har lagt eit solid grunnlag slik at vi i dag haustar nytte og ressursar av det. Av desse også sentrale personar i eige parti; John S. Tveit og Borghild Yrkje. Energi, energitilgang er eit svært sentralt tema i dagens Tysvær og over alt i verda. Det handlar om tilgang på energi og konsekvensene av korleis vi lagar og brukar energi. Utviklingsministeren fortel at mykje av det Norge kan bidra med ute i verda, også i bistand, er kompetanse i ulike fagfelt, foredling, forvaltning og fordeling av naturressursar, og eit velfungerande demokrati.

Norsk næringsliv kan bidra til å oppfylle FNs bærekraftmål. Når vi innser at våre venner på andre sida av kloden er avhengig av våre valg i Tysvær skaper det vilje til endring. FN sine bærekraftmål er med på å gjere verda sine problem konkrete og løysbare. Vår oppgave er å dele oppgåvene i så små bitar at vi kvar dag kan ta ein liten bit.

Under arrangementet på LØÅ fortalte Birger Førre om korleis samarbeid på tvers av trevare-bedrifter i Rogaland har skapt arbeidsplassar og mulighet for skolegang for barn i Madagaskar. Videre fortalte John Harald Log frå Steinsvik om selskapet sitt samfunnsengasjement i Vietnam, med arbeid for et bedre lokalsamfunn.
Mulighetene er globalt, men også lokalt. Utviklingsminister Dag Inge Ulstein gav eksempel på korleis bedrifter i Tysvær kan etablere samarbeid ved å legge til rette for utveksling av tilsette mellom bedrifter i ulike deler av verda. Dette vil kunne gi ei åpning for å utveksle teknologi, kultur og sam-skaping av bærekraftig vekst «glokalt».

Tysvær har eit variert næringsliv som Tysvær KrF gjerne vil inspirere til å ta endå større del i den verdensomspennande dugnaden; å nå FN sine bærekraftsmål.

Gjenbruksbutikken i Aksdal bidrog til eit hjertevarmt møte mellom utviklingsministeren, hans rådgjevar og mange av dei frivillige i butikken. Ingunn Moi som er leiar og ein av dei frivillige i butikken fortel at det er 45 frivillige som deltek i dugnaden med lokal bærekraft i eit internasjonalt perspektiv. Bærekraft med gjenbruk, deling av overskuddet til arbeid for barn lokalt på Stemnestaden og internasjonalt for Okhaldhunga hospital i Nepal, og verdifull møteplass mellom menneske som nyttar høvet til ein kopp kaffi og ein prat, i butikken i Aksdal. Mange av dei frivillige har eit internasjonal engasjement, og minst to av engasjementa som tysværbuar har, skal utviklingsministeren besøkje seinare i haust; Nepal og Mali.

Tysvær KrF vil lyfte fram verdien i det frivillige og ideelle arbeidet som mange, mange tysværbuar engasjerer seg i. Det handlar fort om både noko å leve av, og ikkje minst mykje å leve for.

Av Eivind Susort og Gunn-Marit Lygre