Ola S. Apeland må nok konstatere at Senterpartiet og Sven Ivar Dybdal (t.v.) og Arbeidarpartiet og Sigmund Lier har funne saman. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ola S. Apeland må nok konstatere at Senterpartiet og Sven Ivar Dybdal (t.v.) og Arbeidarpartiet og Sigmund Lier har funne saman. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

VAL 2019: Korleis blir kabalen i kveld?

Akkurat nå er det ein del svært spente lokalpolitikarar i Tysvær. Er dei inne?, eller rett utanfor det nye kommunestyret. Og kven skal styre dei neste fire åra? Me tilet oss å tippe at ordføraren heiter Sigmund Lier og at varaordføraren heiter Sven Ivar Dybdal.

VAL KOMMENTAR:

Valkvelden var av dei meir tradisjonelle på rådhuset i Aksdal i går. Det var smil og latter i fleire leirar frå klokka var 21 til langt over midnatt. For andre var det eit nytt farevarsel om at grep må takast, og det i god tid før neste val.
På grunn av nye reglar får ikkje representantane vite før klokka 17.30 i dag, om dei er med i det gode selskap dei neste åra. Skal ein tolke ut frå tala som nå er offentlege, så er det ein god del som nå har grunn til å vere spente.

Sigmund Lier (AP) treng ikkje vere spent. For han veit at om det blir samarbeid med eit av dei andre partia. Og slik kabalen ser ut nå kan han og Sven Ivar Dybdal (SP) ta kvarandre i handa og vite at dei har fleirtal i kommunestyret (15-14). Eg trur det blir slik, og i ettermiddag skal ordføraren fortelle kva som er fasiten.
Det som er litt usikkert knytt rundt 15-14 er at det er eit svært snautt fleirtal. Når skule og Aksdal skal diskuterast i framtida gir dette svært lite rom for at representantar frå desse partia kan få stemme fritt. Kanskje har Lier vore på friarferd for å lokke til seg dei tre representantane frå KrF. Det verkar urealistisk, men han har overraska før.

Lier og Dybdal var på mange måtar valets vinnarar, men det beror på at dei nå blir einige om å samarbeide.

15-14 er at det er eit svært snautt fleirtal

Nøgde kan dei også vere i Høgre, sjølv om det nemnte samarbeidet betyr at dei blir sittande litt i kulissane i det «nye» politiske Tysvær. Dei oppnådde eit resultat (19,5%) nær Høgre-snittet i landet og har unngått å komme i dragsuget av ein framstormande Dybdal (20,9%). Høgre vil nok kjempe med nebb og klør for å halde på leiaren av teknisk utval (Monika Lindanger). Det blir også svært interessant å sjå kva rolle leiaren Ola S. Apeland vil få dei neste fire åra.
Me tippar han vil gjere grep etter valet, som også inkluderer han sjølv.

Medan Venstre og SV kunne trekke eit lettare sukk etter at resultata kom inn var det litt tyngre stemning i FrP– og Krf-leirane. Der fekk dei slått fast at det er vanskeleg å sleppe til i det politiske Tysvær. Dei «redda» seg inn med tre representantar kvar, om dette held seg, men det er ein tilbake for kvar. Eg ville likevel vore bekymra for at dei begge har hamna heilt i skuggen av den politiske dagsorden i kommunen. Her må det gjerast grep.

Venstre gjekk inn i valet med forferdelege målingar og ein partitopp på ferie. Nå redda dei seg inn med ein kraftig sluttspurt, og ein sterk lokalpolitisk tradisjon.
Det same gjorde SV. Akkurat nå er Silje Kolnes-Schouwstra i kommunestyret.

Tyngst var det på rommet til MDG. For etter ein valkamp der det etter kvart blei vanskeleg å spå kor dei ville lande, gjekk det frå lyst til mørkt rimeleg raskt. Etter førehandsstemmene var Sebastian Tysvær inne. Så kom resten av tala, og han forsvann ut. Blir det eit endeleg resultat, så blir det tungt å halde liv i partiet i Tysvær.
Og det bør vere ein lærepenge for moderpartiet som jublar i fleire storbyar. Dårlege politiske råd, og altfor lite støtte til lokallaget gjorde at dei hamna utpå i miljøsaker som vindkraft. Det er nesten ufatteleg at dei som styrer sentralt ikkje såg at det kunne skade den lokale representanten i Tysvær. Vindmøllenølinga til Sebastian Tysvær kan ha kosta han plassen, som han hadde ein draum om.

Ola S. Apeland må nok konstatere at Senterpartiet og Sven Ivar Dybdal og Arbeidarpartiet og Sigmund Lier (t.v.) har funne saman. Foto: Alf-Einar Kvalavåg