Slik såg det ut i fjor då Knut Ove Kyte og dei andre syklistane kjempa seg til topps i Alvanutvegen.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Slik såg det ut i fjor då Knut Ove Kyte og dei andre syklistane kjempa seg til topps i Alvanutvegen. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Topp med toppavslutning

I fjor enda Tysværrittet på toppen av bakken i Alvanutvegen. Laurdag gjentar dei suksessen.

Mykje folk, flagg, heiarop, stor stemning og trøtte syklistar. Det var fasiten på «stuntet» med å legge avslutninga på Tysværrittet i toppen av ein bakke.
– Det var ein så stor suksess at me gjer det same i år. Me fekk mykje skryt, sjølv om ein del sjølvsagt synst det var tungt på slutten av eit 75 kilometer langt ritt. Nå håper me på bra sykkelvêr og mykje folk, både i rittet og langs bakken på laurdag, seier Kjetil Toth i CHK.
I fjor var det omlag 120 deltakarar som var med på det tradisjonsrike rittet som går gjennom det meste av Tysvær. I tillegg til eit spennande ritt er det også ei naturoppleving for dei som tar seg tid til å kikke opp frå styret.
Moderat
– Kor tøff er denne traseen?
– Dei fleste som driv med landevegssykling vil nok seie det er ei moderat løype. Den er over sju mil, så kort er den ikkje. Det er kupert landsskap og to tøffe bakkar. Svinalidbakken og avslutninga i Alvanutvegen. Alvanutvegen er 550 meter og har omlag 65 høgdemeter. Vanlegvis ser me at me får eit tetfelt, eit midtfelt og en god gjeng som finn sin plass litt bak desse. Det er ei god løype å henge med i eit felt på, om ein finn si gruppe. Målet er at alle som kjem, skal få oppleve eit skikkeleg ritt, med ein litt spektakulær avslutning, seier Toth.

Vakthald
Nå er det ikkje berre å halde styr på påmeldinga som tek til i sykkelklubben. Vakthald er blitt ei stor utfordring.
– Det er svært strenge reglar for vakthald, og me har måtte kurse mange for å lande dette rittet. Det blir litt lettare i framtida, for me veit at eit par av dei lange strekka i rittet snart blir forkjørsveg. Me oppfordrar sjølvsagt alle, akkurat denne eine dagen, om å respektere at det er ritt. Det tar ikkje lange tida, så vær så snill å ikkje ta sjansar når du hamnar med bil nær ryttarane, oppfordrar Kjetil Toth.
Dei siste dagane før rittet går sjølvsagt med til å sjekke vêrmeldingar.
– For oss viser det seg at det er avgjerande for talet på deltakarar. Det er ei utfordring når ein ikkje veit om det kjem 70 eller 200. Men me er klare. Me lokkar alle med ei kald Cola på toppen, og ei flott oppleving. Dette er det mange som både vil og kan vere med på. Farten tilpassar ein sjølv. Me vil ha fest i Alvanuten, og det er me sikre på at det blir, avsluttar Kjetil Toth i CK Haugaland.
Det er venta syklistar frå Bergen i nord til Jæren i sør.