LEIAR: Her skal me bygge, her skal me bu

Denne veka har me gleda av å presentere ei fyldig avis med Bygg & Bu som tema. Ei avis som syner oss rimeleg klart at byggebransjen på alle plan, for lengst har etablert seg på Haugalandet og i Tysvær.

For ein treng ikkje bla lenge i avisa før ein ser mangfaldet i verksemder som byr på bustadar, interiør og gode løysingar både inne og ute.
For som for kommunen Tysvær, har også byggbransjen, og alle deira «pilotar» også vakse jamt og trutt. Tilboda i vår geografiske nærleik blir stadig betre, og me finn det meste nær oss.
Og lokalavisa heiar alltid på dei som ligg nær, dei som etablerer seg på ein eller annan måte i «vår» kommune. Det gledelege er at dei stadig blir fleire, betre og innan fleire sjangrar. Det gjer at me kan handle lokalt, ha lokale kontaktpersonar, og ikkje minst forstå kvarandre endå betre når me skal pusse opp eller bygge nytt.
Tysvær er ein kommune i utvikling sjølv om innbyggartala ikkje stig like raskt som ein skulle ønske. Men bustadbygging og oppussingsprosjekta står ikkje tilbake for nokon anna stad på Vestlandet. Med den entusiasmen må verksemder som driv i denne bransjen fornye seg. Og ser ein nærare på annonsane ser ein at det er noko dei absolutt gjer. Det er framtidsretta, kreativt og i alle prisklassar.
Folk bruker mykje pengar på eigendom i Norge. Svært mykje. Me låner til pipa og vel så det. Det gjer også at kundane får eit pressmiddel. Ein seljar som får ein kunde på besøk, veit at det svært ofte følger pengar med på lasset. Slik skaper ein forventningar og krav som går hand i hand. Resultatet er kvalitet.
Akkurat i dag er det mange oppussingsprosjekt som ligg ute for sal. Tomter og heilt nye bustadar finst det også eit godt utval av. Det er noko for ein kvar smak, og tidvis også i kvar prisklasse.
Men det er også signal om at det likevel ikkje er nok satsing på dei unge, dei som vil flytte heim og etablere familie i Tysvær. Det er dei bustadane ein tener minst på å selje, og det er den type bustadar ein helst ikkje vil ha for mange av i eit større prosjekt.
Kven sin «jobb» det blir i framtida å utjamne dette er vanskeleg å seie, men eg trur at om Tysvær skal få ønska vekst i innbyggartalet, så er det eit av områda der det er noko å hente, også på kort sikt.
Det er ingen tvil om at mange synest det er godt å leve i Tysvær, spørsmålet er om det er nok personar som får sjansen til det.
Kos deg med bygg og bu, og bli inspirert.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør