Song og musikk er viktig når det inviterast til bygdestreif i Tysværvåg.
Song og musikk er viktig når det inviterast til bygdestreif i Tysværvåg. FOTO: Kristian Jorgensen

Bygdastreif for heile søre-Tysvær

Til helga inviterer ein i Tysværvåg til eit nytt bygdestreif. «For og med» bygda er årets arbeidstittel.

– Me har så mykje bra som skjer i bygda, og nå vil me presentere desse. Det gjeld spennande verksemder og personar. Å samlast til slike treff har me ein fin tradisjon for. I tillegg blir det sjølvsagt mat og musikk, dette er ein stor dag for bygda, seier sokneprest Arne Aurdal.
Saman med Tysvær Bygdekvinnelag har Aurdal mykje å by på.
Det er lokale verksemder som Lundegård Alpakka og JAKs matopplevelser.
– Me i bygdekvinnelaget er svært glade i dette arrangementet og soknehuset blir på ein måte vårt bygdehus, der me kan treffast og snakke om det som kjer i bygdene våre. Me skal lage svele til heile gjengen, så det er noko som me ønskjer folk skal snakke om både før og etter, seier Oddveig Helen Rasmussen
Og bygda han snakkar om er heile skulekretsen i søre-Tysvær.
– Eg trur at det gjer noko med oss som bygdefolk når me kan møtast på denne måten. Me får presentasjon av ei rekke med små verksemder, som driv i heimbygda si. Det blir kåseri og rikeleg med tid til å snakke med naboen. Eg trur me treng fleire slike treffstader i framtida. Det å komme seg litt ut og treffe andre gjer noko oss godt. Så blir det vår jobb som arrangør å fylle ein slik kveld med noko positivt. Det tenker eg me har klart denne gongen, med eit variert og breitt program for ein kvar smak.
– Kor strengt er det å vere ein av «bygdefolket» for å sleppe inn?
– Me er vel ikkje kjent for å vere så strenge i døra, smiler soknepresten.
Han seier at det er gratis å komme inn og at ein del av programmet skal vere ei overrasking.
– Me kan ikkje røpe alt på førehand. Dette skal vere ein kveld der eg håper at mange får ei positiv overrasking over alt som skjer i bygdene her og i nærområdet til der folk bur. Med bygdefolket i ryggen er det utruleg kva enkelte får til. Det blir stas å presentere desse, avsluttar Arne Aurdal.