Det bør bli fullt hus og godt stemning midt på dagen når trioen Po’Boys kjem til Tysværtunet.
Foto: Ingvild Myklebust
Det bør bli fullt hus og godt stemning midt på dagen når trioen Po’Boys kjem til Tysværtunet. Foto: Ingvild Myklebust

Gratis lunsjkonsert: – Dette er fantastisk

Lunsjkonsertane startar opp igjen fredag den 27. med ein skikkeleg gladtrio, som serverer musikk til å bli glad i.

Det bør bli fullt hus og godt stemning midt på dagen når trioen Po’Boys kjem til Tysværtunet. Speleglede og gladmusikk frå -20, -30 og -1940-talet står på menyen i ei saleg blanding av alt frå folkemusikk til blues. På bass kjem ein kjenning for mange i Tysvær.
– Dette er eit heilt fantastisk tilbod eg er blitt glad i. Utruleg kjekt at me fekk denne sjansen, og eg lovar alle som kjem ein strålande halvtime med musikk dei garantert kjem til å sette pris på. Po’Boys er ein typisk sandwich frå New Orleans. Me har ei solid grunnoppskrift som krydrast med sausar av blues, country, ja enkelt sagt all musikk som kan bindast med roots/ americana. Hovudingrediensen og hovudmålet her er moro og musikkglede for både musikarane og publikum, seier Geir Jørgensen som stiller i arbeidsantrekk og med kontrabass.
– Eg har betalt lunsj så kjeledressen må eg ha på, smiler den kjente musikaren frå Tysvær.

Munter gjeng
Med seg i den muntre og musikalske trioen har han Kalle Aasland – vokal og gitar, som ein del kan hende kjenner frå «Gone at last», og diverse andre band, og frontfigur Arnt Ove Kvernenes – munnspill og vokal.
– Me har hatt ein del kjekke jobbar i det siste både i byen, men også i Bergen. Så nå er me komt så langt at det er på tide å få spelt inn litt musikk som me kan sende rundt. Kalle har laga ein del skikkelig bra låtar som me har ein plan om å få jobba med i studio. Skal ein få fleire jobbar må ein ha noko å sende rundt. Lunsjkonserten passar i så måte heilt perfekt. Den nærleiken ein får til publikum er unik, det same er publikummet. Slik eg har sett det er dette ein konsert for absolutt alle. Det er eg stolt over å vere ein del av. Me skal ha det skikkeleg kjekt. Eg håper at svært mange finn vegen, seier Jørgensen.

Konserten er i foajeen på Tysværtunet og startar som vanleg 11.30 og er heilt gratis. Kafeen er open og du er velkommen i god tid før konserten startar.

Arrangør er Tysværtrunet kulturhus og Tysvær Bygdeblad.