TV-aksjonsmidlene går til CAREs arbeid i ni land: Niger, Mali, Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.
TV-aksjonsmidlene går til CAREs arbeid i ni land: Niger, Mali, Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.

Tysvær treng bøssebærarar. Ola er klar – er du?

Varaordførar Ola S. Apeland er «sjef» for årets TV-aksjon i Tysvær. Han er meir enn klar til å vere med å gjere ein skilnad for kvinner som CARE kjempar for. Nå treng han fleire som vil gå med bøsse den 20. oktober.

– Eg har faktisk vore personleg engasjert i CARE også tidlegare. Eg var i mine yngre dagar, og som medlem av eit anna parti, med å plante tre i Stavanger til støtte for deira arbeid i Niger. At eg nå i min siste periode som varaordførar skal organisere TV-aksjonen i Tysvær kjenner eg at motiverer meg, seier Apeland.
Den oransje TV-aksjon t-skjorta er på plass der han kjem innom med ei oppdatering, og ikkje minst ei utfordring 17 dagar før aksjonsdagen. Målet for Tysvær i år er 650.000 kroner, og skal ein nå det så trengs det folk til å gå med bøsser.
– Det er alltid andre bidrag som kjem inn, men det er bøsseinnsamlinga som er blitt sjølve symbolet på TV-aksjonen i Norge. Då stiller frivillige over heile landet opp og gjer ein kjempeinnsats for dei som ikkje er like heldig stilt som oss. Å bli motivert av å vere med på at 400.000 kvinner skal få mulegheit til å tene sine eigne pengar, eller å gjere krav på sin rett, bør ikkje vere vanskeleg. Det er ein urett me i Norge ikkje skjønar dimensjonen av. Eg er svært glad for at det nettopp er CARE som skal gjere denne jobben, for det er ein organisasjon eg har stor tru på, seier Ola S. Apeland.

Plass til alle
I år har han og resten av den lokale komiteen invitert med seg bygdekvinnelag og sanitetskvinner.
– Der er det mange som er fulle av idear og som er svært positive. Men dei er ikkje mange nok.
Derfor kjem eg til å utfordre både det sittande og det nye kommunestyret til å gå ein tur den 20. oktober. Det må vere ein strålande måte å vise seg fram på. Me treng 130 bøssebærarar denne gongen, seier Apeland.
Og om du vil vere ein av dei så er det berre å kontakte servicetorget på rådhuset.
Kvart år er det omlag 100.000 som gjer den jobben, og til nå har Norge samla inn omlag ni milliardar kroner til gode formål. Det er NRK som eig retten til å bruke namnet TV-aksjonen, og dei vil som vanleg ha ei omfattande dekning på innsamlingsdagen.
– Me får vere aktive i dagane fram til aksjonsdagen med å lokke med oss både gamal og ung. Me har eit flott ungdomsråd i Tysvær. Kanskje me skal utfordre dei. Uansett har eg stor tru på ein nytt strålande resultat for Tysvær. Om ein vil støtte allereie nå, har TV-aksjonen ei svært god heimeside der ein kan følge innsamlinga minutt for minutt. Dei første millionane er for lengst på plass, avsluttar Ola S. Apeland.

Du kan melde deg på her: https://blimed.no/

Varaordførar Ola S. Apeland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg