ohnny Liadal og Ann-Kristin Berge Dahle i kommunen, håper at mange stiller til val. 
Foto: Mona Terjesen
ohnny Liadal og Ann-Kristin Berge Dahle i kommunen, håper at mange stiller til val. Foto: Mona Terjesen

Er du opptatt av at ungdommen skal bli høyrt? No har du sjansen til å påverke

Ungdommen er engasjert for tida. No får unge mellom 13 og 19 år ei unik moglegheit til å påverke gjennom ungdomsrådet. Og no får dei også betalt for innsatsen sin.

Tidlegare har det vore valfritt for kommunane å ha ungdomsråd, men no blir det pålagt. I Tysvær har ein allereie hatt råd ei stund, og no skal eit nytt veljast.
– Me er på utkikk etter engasjerte ungdommar frå 13 til 19 år, jenter og gutar – frå heile kommunen, fortel Johnny Liadal frå kulturkontoret og folkehelsekoordinator Ann-Kristin Berge Dahle.

Fritt talerom
Det nye ungdomsrådet skal sitte i perioden 2019-2021. I tillegg til at kommunane no er pålagt å ha ungdomsråd, er det føreslått å ha med ein politisk representant med på møta – og ungdommane vil få godtgjersle for verva sine.
– Me er heldige som har fått inn to ungdommar i kommunestyret som kan passe til å følgje ungdomsrådet, kven av dei det i såfall blir veit me ikkje enda, men det vil nok senke terskelen deira for å prate fritt og spele inn saker om det sitt ein ungdom saman med dei, seier Liadal.
– Ja, ungdommane er opptekne av at dette skal fortsette å vere deira arena trass i at det kjem ein politikar med. At dei skal kunne snakke fritt og ikkje risikere å bli partipåverka, nikkar Berge Dahle.
Dei to presiserer at den folkevalte som skal følgje ungdomsrådet skal vere nøytral og ikkje har stemmerett, berre uttalerett.

Likt behandla
Når det kjem til at ungdommane som no kjem inn i rådet skal få betalt for innsatsen sin, synst Liadal og Berge Dahle det er positivt.
– No blir dei behandla som representantane i dei andre utvala. Det trur me vil slå positivt ut, og vil kanskje gjere at dei held på engasjementet sitt. Fritida deira er like dyrebar som andre si, poengterer dei.
Dei som er interessert i å vere med i Tysvær ungdomsråd må melde seg ganske kjapt. Nominasjonen vil skje på ungdomsskulane og dei største vidaregåande skulane i veke 42. 18. oktober går nominasjonsfristen ut for vidaregåande-elevane (16-19 år) og 23. oktober er fristen for ungdomsskuleelevane (13-16 år).
Valet skjer i veke 43 og under ungdomsrådet sin C.H.A.O.S-dag i Steinsvik Arena, tysdag 29. oktober.

Nok med engasjement
Nokon tenker kanskje at om ein skal vere med i eit ungdomsråd så må ein vere utadvendt og frampå. Berge Dahle og Liadal påpeiker at dei vil gjere rom for alle.
– Så lenge dei har eit engasjement. Det er det viktigaste. Under møta blir dei delt inn i grupper og jobbar i mindre samlingar, slik at alle blir høyrt, nikkar dei, og fortel at det blir tatt omsyn til ei jamn fordeling basert på kjønn, alder og bustad når nytt råd skal veljast.
Råda som har vore, gir tilbakemeldingar på at dei lærer mykje, får nye vennar og faktisk ser dei er med å påverkar kommunen.
– Det blir tatt omsyn til kva ungdommen meiner, og fleire av representantane har gjort ein god jobb med å vere synlige. Sakene dei har vore mest opptekne av dei siste åra er kollektivtrafikk, miljø og møtestader. Dette har dei tatt tak i, og det viser igjen, seier Ann-Kristin, og trekk fram møte med mellom andre ordføraren og Kolumbus – og ikkje minst C.H.A.O.S-dagen.
Ungdomsrådet har ein eigen pott pengar som dei fordeler etter eige ønske frå år til år.

Sosialt og lærerikt
Møta til ungdomsrådet skjer på måndagar etter skulen. Då et dei først pizza saman, så går dei gjennom ei rekke saker.
– Me har – og har hatt mange flinke og engasjerte unge i rådet i Tysvær, og ser at kontinuitet er viktig. No veit ein kva det inneber å vere med i ungdomsrådet og fleire ønsker seg inn. Det er flott. Ungdommane er stolte over det dei får utretta og ser at dei blir høyrt. No som det vil vere med ein politikar på møta, blir også vegen kortare til dei politiske utvala, det kan slå ut positivt. Me håper at så mange som mogleg synst det verkar spennande, og at mange engasjerte unge Tysværbuar kjem på lista. Dei har det kjekt i ungdomsrådet, avsluttar Ann-Kristin Berge Dahle og Johnny Liadal.