LEIAR

Tilgi dei, for dei veit ikkje betre

Kampen om plassar i fotball EM blir for tida skjemma av rasisme.

I ei tid der fotballen her heime på alle plan, og nivå, visar rasismen raudt kort, ser me at det i spesielt Aust-Europa er heilt andre haldningar.
Me blir på mange måtar sjokkert over at dette framleis har grobotn blant supporterar. At vaksne menn står og ropar ut kva dei meiner om fotballspelerar med ein annan hudfarge, og det lagast lydar som burde høyrt oldtida til. Grep blir forsøkt gjennomført, men det stoppar ikkje.
Me som bor i Norge undrast, og skjønar lite av det som skjer.
Fleire av grunnane er av historisk art og kan vere vanskeleg å sette seg inn i for oss i veldrivne Norge. Det er stadig «krig» og kamp om noko heilt anna enn tre poeng og siger på fotballbanen. Det handlar om kamp mellom maktpersonar og folket. Om utreinsking og hendingar som får oss til å grøsse. Og det gjennom hundrevis av år. Om styresmakter som har underkua sitt folk, der kampen om å i det heile tatt overleve har skapt holdningar som er vonde å snu.
Å tru at det i Romania og Bulgaria blir brukt energi på Fair Play og antirasistiske kampanjar, er som å tru på julenissen. Det er ikkje tema, og det er lenge før det blir det også, ser det ut til. For då Norge skulle spille kamp på eit folketomt stadion i Bucuresti klarer ein å finne smutthol, slik at barn og unge slapp inn. Fint det? Nei, det er ikkje fint det, sjølv om ungane garantert fekk seg ein kjekk kveld.
For ringverknadane og lyden av eit tomt stadion hadde vore mykje større, enn at 30.000 ungar var der og kosa seg. Bilete frå kampen viser at det er folk der, og at dei har det hyggeleg. Det skulle vore heilt tomt, og blitt noko folk snakka om, og reagerte på.
Nå har me også lik i skapet her heime. Med ujamne mellomrom ser me at rasisme og framandhat framleis finnast, også i idretten. Men samfunnet har i alle fall tatt tak i det og prøver å skape ein kultur der det ikkje er greitt og akseptert. Sjølv på lokalplan i våre klubbar blir det jobba med inkludering og fair play dagleg.
Det er ikkje alltid så lett som det høyrest ut til, men for all del, ikkje samanlikn det med det me ser og høyrer i Aust-Europa.
Mange av dei veit ikkje betre, og det er ikkje berre supporterane sin feil. Det har alltid vore slik, og eg er redd det vil halde fram i lang tid.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør