LEIAR

LEIAR: I kveld starter alvoret

Tysdag var det takk og farvel til ein del av våre lokalpolitikarar i kommunestyret.

For eit par av dei etter det ein må kunne kalle ei lang og god teneste for kommunen og innbyggarane. For andre etter ei kortare tid. Uansett har dei vore våre representantar og, dei me stemte på.
I går kveld var det takketalar og middag i kulturhuset. Det er litt vemod i å seie takk for seg, sjølv om det også kan vere godt.
For alle dei nye startar det politiske liv for alvor i kveld. Det nye kommunestyret, og alle utvala, har meir enn nok å ta tak i dei neste fire åra. Samansettinga er spennande, men også litt uklar. Det er vanskeleg å sjå korleis det politiske landskapet vil bli den neste tida. Det er nye politikarar som skal ut å markere seg. Me får ein heilt ny varaordførar, som må vise igjen i det politiske landskap, mykje tydlegare enn han har gjort som leiar av Senterpartiet. Sven Ivar Dybdal veit at det er mange som har store forventningar til den posisjonen han og partiet nå har fått.
«Taperane» i valet var Høgre. Dei må nå ta teljing og sjå framover. På ein måte blir dei ei viktig motvekt til samarbeidspartia, som nå ha fleirtal, men eg er frykteleg spent på om dei har motivasjon nok, og planar gode nok, til å vise igjen på same måte som tidlegare.
Eit anna poeng ved skifte er at det er mange innbyggarar som har store forventningar. Det er spesielt innan skule og omsorg. Mitt spørsmål er kven det er som blir den store skulepolitikaren i dette kommunestyret, den som skal ta ordet og gå først i debatten om den nye skulebruksplanen. Han eller ho som må komme med dei upopulære forslaga, eller som kan få lov å sleppe eventuelle gladnyhende. På papiret er det ingen som skil seg ut.
Og kva med alle utfordringane knytt til det å drive helsetenester i ein kommune. Det skal bli minst like spennande å sjå kven som rekk opp handa og skal vere frontfigur i dei politiske utfordringane som vil komme der.
Og kjem det ikkje opp slagkraftige politikarar, vil administrasjonen og rådmann Sigurd Eikje kjøre over det politiske Tysvær som ein dampvegvals. For der er det fagfolk og trøkk til å kjøre på.
Og slikt må ein straks begynne å tenke. Det å bli folkevalt, og ein del av kommunestyret, eller eit utval, er ein formidabel, men også kjekk utfordring. Å få mulegheita til å vere med å bestemme. Å trekke i trådane, å vere der det skjer. Det er ikkje alle oss andre forunt. Me må stemme på dei me har mest tru på, me må håpe og vere på vakt.
Det er minst like spennande for ei lokalavis og dei som er journalistar med eit nytt kommunestyre, som for dei som er medlem der. Me går inn i fire nye år, med sorg og glede, utfordringar og løysingar, opningar og stengte dører.
Gratulerer nok ein gong med valet til alle 29 medlemmer av Tysvær sitt nye kommunestyre.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør