Tom Roger Aadland  Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Tom Roger Aadland er ute med ei liveplate. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Eit eventyr av ein liveartist

Tom Roger Aadland er tru mot sitt materiale og sine fans. Slik blir det strålande plater av.

Live i Oslo konserthus er ei samling av det beste av det beste frå artisten si etter kvart svært lange liste over gode songar. Og det er berre å takke og bukke for at han gjer desse songane live.
For det er som liveartist han har slått gjennom. Frå eit uttal av små og store scenekantar har folket fått servert både Dylan på norsk, og eigekomponert materiale. Alt saman også tilgjengeleg på plate, men Aadland er unik som liveartist.
Ofte aleine, eller med sitt etter kvart faste band. Me har tidlegare hylla gitarist Kjetil Steensnæs for å ha vore med å løfta Aadland om enn endå høgare på pop/vise-himmelen. Nå stiller heile bandet seg i ryggen, og det i hovudstadens storstove, konserthuset.

Lydmessig er det ingenting å klage på. Ein høyrer kvar ei rille på gitarane, og kvar ein klang dei skaper saman

Lydmessig er det ingenting å klage på. Ein høyrer kvar ei rille på gitarane, og kvar ein klang dei skaper saman. Utvalet av songar er sett saman av litt herfrå og derfrå. Ingen spesiell tråd slik eg ser det. Men det gir eit strålande bilete av ein eventyrleg liveartist.
Eg har sjølv vore på liknande konsertar i konserthuset og stemninga minna om dei gongene. Varm og fin. For det er ingen tvil om at både dei i salen, og dei på scena, kosar seg.
Hits
Aadland har klart å få seg ei fin liste over det ein må kalle hits. «Alle dei i ei» sit som ei kule frå Aadland også denne gongen. «Min beste veg på ein dårleg dag» er strålande og kanskje den eg vil trekke fram som den «beste» under konserten.
Så er det å lytte til meir underfundige låtar som «Einsam utan deg». Det er noko å finne, noko som overraskar. Det er tøft på ei plate, korleis ein oppfatta det i salen er vanskeleg å seie, men responsen var god, også etter den songen.
«Vikla inn i blått» med leikent gitarspel i introen er ei strålande låt, med ein god tekst både på engelsk og norsk. «Leopardskinnsbunadshetta di» er ein klassikar. Meir er det ikkje å seie om det.
Denne plata, og desse 14 songane er både for fansen og eit nytt publikum. Og Tom Roger Aadland fortener begge deler. Suksessen som komponist, oversettar og tekstforfattar er av ypparste nasjonal- og internasjonalt nivå.
Og om det er på ein lunsjkonsert i Tysværtunet eller på den store scena i Oslo konserthus, så leverer han. Frå øvste hylle, og der er det mykje å bli glad i.

Alf-Einar Kvalavåg

Platemelding

Terningkast 6

Tom Roger Aadland
Live i
Oslo Konserthus
Ny CD/LP
Musikarar: Karl Oluf Wennerberg, Kjetil Steensnæs, Asbjørn Ribe, Lise Voldsdal, Kristian Kvalvaag og Ruben Fredheim Oma.
Songar: Vestland, Vestland, Nett som ei kvinne, Sommaren utan ende, Har du hatt den kjensla, Farten til lyden av einsemd, Leopardskinnsbunadshetta di, Om du var ein songfugl, Like til mi dør, Alle dei i ei, Einsam utan deg, Om du ser ho, hels frå meg, Min beste ven på ein dårleg dag, Vikla inn i blått og Der eg er no
Innspelt i Oslo konserthus, 2019