LEIAR

Tøff utfordring

Måndag skjedde det som alle på jobb i Aksdal Senter fryktar mest av alt.

Ein mann med eit «slagvåpen» gjekk laus på ein annan inne i senteret. Sjokkerte blei ein ståande å sjå på dei to. Politi og helsevesen kom raskt til staden, og fekk kontroll på situasjonen. Det ser ut til å ha gått greitt med mannen som fekk seg eit slag i hovudet.
Vel, det ser greitt ut men er sjølvsagt langt frå det. Aksdal Senter har mange butikkar der ein og ein går på jobb med eit stort ansvar. Det er ikkje til å stikke under ein stol at det er eit miljø på og rundt senteret, som må i klassen; uønskt. Utan å stigmatisere på noko vis, men dette er gjengangarar som sjølv har plassert seg i denne gruppa, gjennom regelmessig å ha gjort uakseptable ting i senteret. Det har resultert i utestenging, og skjerpa vakthald. Det er montert nye videokamera, og fleire har nå to på jobb. Det er berre nokre av konsekvensane.
Men denne «gjengen» er blitt ein del av oss. Me prøver så langt det lar seg gjere å støtte dei. Det er fleire på, og rundt senteret, som frivillig er blitt ein del av sosialtenesta i Tysvær. Også profesjonelle gjer ein innsats. Kommunen er på banen med bustadar og anna oppfølging. Men det er eit vanskeleg landskap å drive arbeid i.
Det er ei tøff utfordring å sitte på rådhuset og vite at her har ein innbyggarar som gjennom det dei seier og gjer, er truande til litt av kvart. Men dei er også ein del av Tysvær, og dei har krav på den same oppfølginga som alle andre.
Og det arbeidet er vanskeleg. Det blir brukt store ressursar på slike tenester i vår kommunen. Og det blir jobba med nye planar og idear. Og det er ein nøydt til, for å tru at dette er ein type utfordringar som vil gå over av seg sjølv, er sjølvsagt utopi.
Det er ein balanse mellom psykiske helsetenester, infrastruktur gjennom bustader og oppfølging på fleire andre plan. Det er også eit omfattande samarbeid mellom kommune og politi.
Når slike samarbeid fungerer så er det fantastisk, når det ikkje gjer det så står ein fortvila tilbake. Hendinga måndag var uansett eit varsko om at det ikkje er rom for å ta lett på dette arbeidet.
Det som blei tydeleg desse hektiske timane på måndag var at kommunen raskt fekk på plass sin stab, og la ut kontaktnummer for dei som trengte nokon å snakke med. Det same gjorde senterleiaren på Aksdal Senter. Det er godt å sjå.
Men, og det er eit men. Mannen som blei overfalt, kva skjedde med han. Eg møtte han tuslande ut av senteret ein time seinare, aleine og på veg heim. Til kva då? Var det nokon som sto klar til å følge opp han. Og overfallsmannen, han kom heim han også, til det same nabolaget. Kven skal kontakte han?
Som ein ser er dette krevjande, og ei tøff utfordring som me må ta.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør