9. desember skal Aksang og Boknakoret vere med på konserten til Hanne i Vår Frelsers kyrkje i Haugesund.
9. desember skal Aksang og Boknakoret vere med på konserten til Hanne i Vår Frelsers kyrkje i Haugesund. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Julesongar, tenorar, to kor og gleda av å synge

Anne Tove Øvrebø har det travelt når det går mot jul. Heldigvis er julemusikk så kjekt at travle dagar er fint til å leve med.

Du såg og høyrte henne kanskje saman med Hanne Krogh i Tysværtunet under seniorperler. Eller kanskje du hugsar henne frå korslaget eller konsertar med Krogh og Tenorane. Om ikkje skal du få bli litt meir kjent med læraren, dirigenten og songaren frå Bokn.
Bokn sa nei til Tysvær og ville ikkje slå seg saman. Kanskje dei skulle sett litt til kva Boknakoret og Aksang har fått til, etter at dei to slo seg saman.
– He, he… Ja, det er ein suksess det som kom etter at Aksang sin dirigent begynte å jobbe på skulen her på Bokn. Me sat ein dag og diskuterte kor vanskeleg det var å rekruttere til vaksenkor, og lufta tanken om å samarbeide. Det var i 2015 og nå snart fem år seinare, så viser det seg å ha gitt svært gode resultat. Ikkje har me berre vore langt fleire på øvingane, men me har også vore med på svært spennande konsertar, som med Johnny Logan og Hanne Krogh. Og den 9. desember skal me vere med på heile konserten til Hanne i Vår Frelsers kyrkje i Haugesund. Så eg trur me kan slå fast at denne samanslåinga i alle fall var rett, smiler Anne Tove.

Vekslar
Nå bytter koret på å øve på kvar sin heimplass, med Øvrebø som dirigent.
– Det fungerer bra og eg har også stor hjelp av Lars Johannes Liknes. Birger Førre er leiaren av Tysvær-delen av koret, og saman legg me planar for både øvingar, konsertar og alt det kjekke som er rundt eit vaksenkor. Me kosar oss, og nå er det høgtid. Det meiner i alle fall eg, smiler Øvrebø.

Julesongar
For Anne Tove Øvrebø er korsong berre ein del av eit liv med mykje musikk. Ho syng også aleine, eller med band, og elskar dei julesongane som ein kan knytte til countrymusikken.
– Det har blitt litt slik. Eg er glad i tradisjonell norsk julemusikk også, og får som alle andre både gåsehud og julestemning av «Deilig er jorden». Men samtidig elskar eg country og dei julesongane som er spilt av slike artistar. Så om eg må velje så er eg like glad i «Blue Christmas» som i «Glade jul».
– Kva er det som er så spesielt med julesongar?
– Dei er tidlause. Eg har registrert dei siste åra at ei rekke dyktige artistar har strippa dei heilt ned, og laga nydelege akustiske versjonar av dei mest kjente. Det gir ei ny oppleving av gamle songar. Så har ein alltid nye julesongar som dukkar opp, og versjonar ein ikkje har høyrt på ei stund. Tar ein korsong, tenorar, solistar, og korps som syng og speler jula inn, ja så skjønar ein at det er mykje å glede seg til i adventstida, seier Anne Tove.
Ho smiler og fortel. Ho ber preg av at vekene som kjem har mykje spennande i seg musikalsk. Bak seg har ho ein periode med sorg, og fekk kjenne på at bygdefolket stilte opp då faren hennar døde for kort tid sidan.

Julekonsert

I denne tida gjennomførte Øvrebø også øvingar med koret, som altså skal vere med på heile konserten til Krogh og tenorane.
– Korleis førebur ein seg som amatør i eit kor, når ein skal ha julekonsert med nokre av landets beste tenorar, og kanskje ei av landets mest kjende artistar?
– Dette er stort for oss, men me må øve som om det var ein vanleg konsert. Eg er ein pirk, for å seie det rett ut, men då blir ofte resultatet svært bra. Me bruker å ha ein eigen julekonsert kvart år, men i år har me samla oss om denne. Håper at mange av dei trufaste fansa våre tar turen til byen denne kvelden. Å få spele ei så stor rolle i ein slik storkonsert, er stort for oss.
Anne Tove Øvrebø kan snakke i timevis om julemusikk. Og ho fortel om da ho var lita og såg filmen «Reisen til julestjernen» med nettopp sin mentor og venn Hanne Krogh.
– Sitter her og tenker på julesongar og kva eg liker. Trur eg vil trekke fram ein til og det er nettopp frå den filmen. Sonja sin song til julestjerna er noko av det aller finaste eg veit. Då blir det jul heime hos meg.
Så fortel ho om kor vanskeleg, og lett det er å arrangere og synge julesongar. Ei utfordring er at «alle» kan tekstane og songane. Og «alle» har også sin favorittversjon. Så det blir ein balanse mellom å fornye seg, og å holde på tradisjonane.
– Klarer me som kor, eller eg som solist å skape julestemning, så er det heilt fantastisk. Det er rett nok ein takknemleg jobb, for akkurat nå er folk i den rette stemninga. Me bare fyller på. Boknakoret og Aksang har funne tonen og me gleder oss til advent og julefeiring. Dette er som sagt på vår musikalske høgtid også, avsluttar Anne Tove Øvrebø.

Anne Tove Øvrebø