Sosialsenteret er ein samlingsstad for bygda. Her inviterer frivillige til treff kvar onsdag, noko som er eit populært tilbod som mange set pris på. Frå venstre Martha Espeland, Lilly Dalva, Else Bjelland, Gerd Signy Amdal, Elsa Bastlien, Kari Ausdal, Haldis Klungtveit, Brit Pawels Haukland, Elisabet Sande, Jorunn Baustad og aktivitetsansvarleg på Nedstrandstunet aktivietet-og omsorgssenter Elisabeth Ness. 
Arkivfoto: Ingvild R. Myklebust
Sosialsenteret er ein samlingsstad for bygda. Her inviterer frivillige til treff kvar onsdag, noko som er eit populært tilbod som mange set pris på. Frå venstre Martha Espeland, Lilly Dalva, Else Bjelland, Gerd Signy Amdal, Elsa Bastlien, Kari Ausdal, Haldis Klungtveit, Brit Pawels Haukland, Elisabet Sande, Jorunn Baustad og aktivitetsansvarleg på Nedstrandstunet aktivietet-og omsorgssenter Elisabeth Ness. Arkivfoto: Ingvild R. Myklebust

NYHENDE

Best saman

Tysvær kommune ønskjer å styrke samarbeidet med frivillige, pårørande og andre aktørar i lokalsamfunnet. Korleis kan ein nytte samskaping til å gjere Tysvær til ein bra stad å leve?

Denne veka dreier spørjeundersøkinga til Tysvær Bygdeblad og Tysvær kommune seg om å vere «best saman». Meiner du at Tysvær kommune legg godt til rette for samarbeid med frivillige og pårørande?
– Det er naudsynt å utvikle dialogen med frivillige, pårørande og andre aktørar i lokalsamfunnet. Tysvær har utarbeida ein eigen frivilligheitsplan, med strategiar og tiltak for å styrke samarbeidet med frivillige, der også samskaping ligg til grunn, seier Ann-Kristin Berge Dahle, folkehelsekoordinator i Tysvær kommune.
Nyleg la også AP, SP, KRF, SV og V fram sitt fellesforslag til budsjettåret 2020 og økonomiplanen. Dei skriv mellom anna:
«Budsjettet legg opp til samskaping der samarbeid mellom ulike folk står i fokus. Gjennom samskaping ynskjer kommunestyret ein kommune som tek ansvar og legg til rette for dei frivillige sine initiativ og forslag for samhandling, slik at det blir sørga for gode møteplasser, støtte og aktivitet.»
– Dette viser at det er fokus på dette både politisk og administrativt. Det viser også at det er eit ønske om å styrke dette arbeidet ut mot sivilsamfunnet og næringslivet, seier Berge-Dahle.

– Frivillig er frivillig

Elisabeth Ness er aktivitetsansvarleg ved Nedstrandstunet aktivitet- og omsorgssenter. Ho har lang og positiv erfaring med samarbeid med frivillige på Nedstrand. Ho samanliknar frivillige med blomar i ein park:
– Dersom ein går i ein park med mange tre, er det veldig fint. Men om det også er blomar i parken, gjer det opplevinga ennå betre, seier Elisabeth Ness, og refererer til trea som helsepersonell og frivillige som blomar.
Ho har stor tru på at å samarbeide med frivillige er ein vinn-vinn-situasjon, for brukarane og dei frivillige. Begge partar kan ha stor glede at det.
– Frivillige bringer inn noko nytt til dei som bur på omsorgssenter som Nedstrandstunet. Jo meir besøk ein får utanfrå, jo meir normalisert blir livet, meiner ho.
Hennar erfaring er at det også er enklare å få til «ekstra» arrangement når ein har frivillige med på laget.
– Om ein til dømes har nokon til å vere sjåfør opnar dette for fleire turar, påpeiker Elisabeth Ness.
Ho meiner at det er svært viktig at dei som er frivillige synst det er kjekt, og at dei opplever eit godt samarbeid med kommunen. Då spreier ordet seg, og fleire vil gjerne henge seg på.
– At me har eit godt rykte er nok ein betre inngang enn at eg ringer rundt til folk og spør om dei vil vere frivillige. Men det aller viktigaste er å ha opne dører, og ikkje vere redde for å inkludere folk.
Elisabeth Ness meiner også at det er viktig å hugse på at frivillig er frivillig.
– Dersom nokon ikkje har høve til å komme ein gong, må eg kunne steppe inn, seier ho.

Å vere til for kvarandre
Aktivitetsansvarleg på Nedstrandstunet meiner at å vere til for kvarandre er noko som alltid har eksistert i bygdene. Det har også alltid vore stor dugnadsand. Kanskje har ein gode naboar som hentar avisa eller pyntar til jul for dei som ikkje greier det sjølv. Desse er frivillige kvar dag.
– Alle må ikkje melde seg som frivillige. Alt er like verdifullt. Eg trur ikkje me skal formalisere alt, seier Elisabeth Ness.
Ho trur også at det er viktig at ein ikkje må prakke på folk eit sosialt liv om ein ikkje ønsker det.
– For dei som er sosiale personar er det veldig kjekt å ha moglegheita til å vere saman med frivillige. Men det er også dei som ikkje ønsker å ta del i sosiale tilstellingar, og det må ein respektere.

– Bra
Elisabeth synst det er bra at kommunen satsar på frivilligheit, men understreker at denne satsinga ikkje kan komme under sparing.
– Det skal ikkje erstatte personale, påpeiker ho.
På Nedstrand er det mange frivillige i helse- og omsorgssektoren, og også på mange, mange andre område i bygda. Elisabeth meiner at frivilligheit er naudsynt for å halde liv i bygda.
Eit eksempel er sosialsenteret på Stranda. Der er det rundt 15 frivillige aktive damer, som legg til rette for at spesielt eldre på Nedstrand skal ha ein triveleg stad å treffast kvar onsdag. Til stor glede både for dei som steller i stand og dei andre som kjem.

Du kan seie di meining på våre nettsider. Klikk deg inn og bli med.