– Mottakinga har vore strålande både for plata og konsertane, seier Matti Røssland. Foto: Astrid Hagland Gjerde
– Mottakinga har vore strålande både for plata og konsertane, seier Matti Røssland. Foto: Astrid Hagland Gjerde

KULTUR

Typisk Matti å få oss til å smile

Matti Røssland er ute med ny musikk og speler konsertar for fulle hus. Det er litt nytt, men umiskjenneleg noko Matti over det.

Matti Røssland sit i redaksjonen i Bygdebladet og smiler. Han er på veg til Stord og ein ny konsert full av forventningar. Det same er publikum. Det er 30 år sidan me blei kjent med den melankolske og draumande fyren frå Husnes, som fekk oss alle til å synge om «Stjålen båt».
Framføre han ligg plata «Glad når du smile» utgitt med sitt faste band, og om ikkje heilt i same gata som debuten, så er det ingen tvil om kven som serverer ny musikk.
– Dette er meg slik eg er i dag. Det var mange som ville ha denne plata og det har vore eit lite press. Eg har utfordra meg sjølv og nå er den altså her. Og mottakinga har vore strålande både for plata og konsertane, seier Matti Røssland.
Og ein treng ikkje lytte lenge før ein finn ein favoritt. «Ein benk rett utfor huset» er en flott duett med Kine Nesheim. Klassisk Røssland og ein song som lett kan hamne på repeter.
Det er slik me kjenner han, gode tekstar om det nære og det enkle, som så ofte er så vanskeleg likevel.
– Du har vore mykje på Grindafjord feriesenter og me må berre spørje; – Er nokon av songane laga der?
– Songar kan godt ha blitt laga der, men ingen av tekstane. Då må eg ha det heilt stille rundt meg, og vere for meg sjølv. Men eg hadde ein lang periode der eg fann roen i Grinde, seier artisten som også skal på turné etter jul.

Mystisk
Tekstane til Røssland er verd ei plate aleine. Dei kan handle om så mangt, og det er ofte ei dobbel meining i dei. I presseskrivet som følger med, står det oppramsing av viktige ting i Matti si verd, og da skjønar ein at det er litt av kvart.
– Songane handlar om gode dagar, måndagar og andre dagar. Katten er som alltid med. Sommaren er her. Været og månen. Kanskje svarer Matti aller best sjølv i «Herlig», som handle litt om politikk, prest og lasaron og vepsestikk. Om tog, O’boy og motorvei, men aller mest så handle det bare om deg.
– Det er slik eg er blitt, eller kanskje alltid har vore. Eg har aldri stoppa opp etter dei første platene, men har tusla gjennom livet. Når eg nå har samle eit knippe songar er det fordi dei var modne til å bli gitt ut. Nokon vil kanskje sakne litt frå den gamle Matti, men eg meiner nå at det er slik som dette den musikken også ville bli gitt ut om det var i dag eg hadde slått gjennom. «Glad når du smile» er ei plate eg er glad i, og som eg likar å spele for publikum. Og dei støttar meg.
– Men tekstane her, mellom anna på «Alle skal dø» og «Farvel, kelner» kan få lytterane til å tru at dette er ein slags siste runde?
– Det er det som er det fine med tekstane mine. Dei kan bety så mangt. For å seie det slik, så er eg klar for ein ny runde. I kveld på Stord, og snart kanskje ein stad nær deg. Kven veit smilar Røssland lurt.
Musikalsk er plata full av vellyd og gode poplåtar. Kanskje manglar den litle ekstra hiten som gjer at den hamnar heilt på toppen av listene.

Alf-Einar Kvalavåg

NY PLATE

Terningkast 5

«Glad når du smile»
Matti Røssland
Glad når du smile, Ein benk rett utfor huset, Ingen av oss, Herlig, Alle skal dø, Lengta heim, Eg hate deg, Svanesangen og Kelner, farvel.
Utgitt på Forte Music
Nov. 2019