Espen Eriksen og Gunnar Halle er på veg til Tysværtunet og årets julelunsjkonsert.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Eriksen og Gunnar Halle fra en tidligere lunsjkonsert. Nå er tallet på besøkende nedjustert til 100. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

LUNSJKONSERT

I dag blir det vakkert

Gunnar Halle og Espen Eriksen – «Meditations On Christmas». Vår julegåve til deg.

Det er blitt ein av dei finaste julegåvene me gir våre leserar. Saman med Tysværtunet kulturhus inviterer me i dag fredag den 13. til julelunsjkonsert med duoen Eriksen og Halle. Til ein god halvtime med meditasjon og julemusikk servert av to av landets beste jazzmusikarar. Han eine frå Grinde og på ein rask snarvisitt på heimlege trakter.
– Denne lunsjkonserten er faktisk noko eg ser skikkeleg fram til kvar haust. Eg er mykje på farten med trioen min heile året, men det å møte Gunnar og starte førebuingane til julekonsertane er heilt spesielt. I fjor tok det heilt av med utruleg mykje folk i foajeen, og me håper sjølvsagt at like mange vil ta seg ein tur innom i år, seier Espen Eriksen.

Denne lunsjkonserten er faktisk noko eg ser skikkeleg fram til kvar haust.

Ro
Konserten er basert på duoen si juleplate «Meditations On Christmas», eit vakkert stykke musikk der dei flørtar med både kjente og meir ukjente julesongar.
– Det er slik at me har tatt utgangspunkt i ein del songar og gjort dei til våre eigne. Om ein sit stille og lukkar augo vil ein kunne vere med på ei flott musikalsk reise. Det er der meditasjon kjem inn. Me har fått skryt for at me har fått folk til å slappe skikkeleg av, og det treng me kanskje nå 11 dagar før julaftan.
– Vanskeleg musikk å spele?
– Det som er vanskeleg er at me er to som skal improvisere, og det er fort gjort at me hamnar litt «utpå», men det er berre ein del av sjarmen. Men dette er musikk som er kjekk å spele, og som gir oss gode mulegheiter til å presentere julemusikk på ein litt annleis måte, seier Eriksen.
Om kvelden skal dei to ha konsert i Rossabø kirke i Haugesund.
– Det stemmer. Det blir ein liten mini juleturné denne gongen. Neste år vil me spele inn ny musikk og då blir det nok litt meir. Det har vore eit hektisk år for meg med mykje reising og mange konsertar. Det har vore mange store augeblikk, så nå skal det bli godt å roe seg ned og finne julestemninga.

– Kjekt
For oss som arrangerer lunsjkonsertar er det ekstra stas når ein av Tysvær sine eigne toppmusikarar kjem heim til jul.
– Espen er ein musikar som har ei historie både i kulturhuset, men også i kulturlivet elles i Tysvær. Så at me klarer å få han heim til jul er kjekt. Det å samle fullt hus denne fredagen før jul er ei flott avslutning på ei lang rekke av lunsjkonsertar dette året, som er det fjerde året me held på. Så til alle der ute som har lyst på ein flott og gratis julekonsert er det berre å møte opp i god tid, fredag, seier kulturhuseleiar Øystein Simonsen.
Konserten startar klokka 11.30, men denne gongen vil det løne seg å vere tidleg ute. Det er som vanleg muleg å få nytte seg av kafeen, medan ein ventar.

Våren
Dette er altså den siste lunsjkonserten i 2019. Programmet for 2020 begynner å falle på plass. I januar kjem Levang med tysværbuen Øyvind Østebøvik på vokal. I februar er det klart for eit spennande møte med soloartisten «Glennen» som stadig produserer ny musikk. I mars blir det ein heilt spesiell pianokonsert med «Pianoklubben» og Marina Johansson i anledning ein kunstutstilling i galleriet. Og i mai får me verkeleg høyre ein av Karmøy sine mest spennande artistar, Roger Hemnes.
Så det er bare å glede seg til nye lunsjtreff.
Konsertane er eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysvær kulturhus, med god støtte frå kafeen i Tysværtunet.