John Egil Osteig på besøk i Bygdebladet for å fortelle om den digitale satsinga i Tysvær kommune.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
John Egil Osteig er digitalsjef i Tysvær kommune. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

NYHENDE

– Må ta i bruk alle hjelpemiddel

Digitale løysingar kan gi meir varme. Det trur digitalsjefen i Tysvær som veit at meir effektiv drift av helsetenester, kan gi meir tid til personleg kontakt.

– I samband med planen «Helse og mestring 2020 – 2040» vil det bli peika på utfordringar med smart og effektiv tenesteyting og struktur som gjeld bustader med muligheit for heildøgnsomsorg. Planen skal ferdigstillast og vedtas i løpet av første halvdel av 2020. Ein reknar med at for å møte utfordringar med auka demografivekst i den eldste delen av befolkninga, vil kommunen truleg legge opp til nye og framtidsretta bygningar som gjer det lettare å yta tenester smart og effektivt. Kommunen må ta høgde for vidare investeringsbehov innan helse- og omsorgstenestene men det er ikkje talfesta innanfor denne økonomiplanperioden. Det skriv rådmann Sigurd Eikje i framlegget til budsjett- og økonomiplan.
Og det er denne utfordringa som mellom anna gjer at ein i framtida må tenke digitalt.
– Det blir ei utfordring for deg og «dine» dette John Egil Osteig?
– Som digitalsjef i Tysvær kommune ser eg at mange av dei utfordringane som skjer i framtida må kunne løysast med gode digitale løysingar. Me må nytte oss av den kompetansen som allereie er, og utvikle den vidare. Som det blir sagt frå rådmannen må me tenke smart og effektivt i framtida. Heldigvis har eg mange med meg på laget, og me er motivert for å gjere det godt å leve lenge i Tysvær, seier Osteig.

Meir tid
I dag stel dårleg planlegging og tunge og gamaldagse rutinar mykje av tida vår. Osteig har fleire gode eksempel.
– Me har erfaring frå fleire tenester som ved hjelp av enkle digitale verktøy har fått meir tid til å utføre den tenesta dei eigentleg er satt til. For eksempel vil ein heimesjukepleiar få meir tid til brukaren, om ein slepp å bruke tid på noko som kunne vore digitalt styrt. Medisinsortering og bestillingar er slike områder. System som kan sjekke om brukaren er heime og så vidare. I dag er det mange forskjellige måtar å løyse dette på. Dei som har komme lengst digitalt skryt over meir tid til brukaren, lettare arbeidsdagar og meir motivasjon. Me skal vere der, seier Osteig.
– Vil dette koste brukerane meir?
– Svaret på det er i utgangspunktet nei. Eg har erfaring frå helsedirektoratet der ein har sett at innføring av digitale tenester ikkje treng å koste meir totalt i eit budsjett enn utgåtte rutinar som pregar ein del tenester i dag. Men alle tenester kan ein få betale for. Det gjer ein også i dag.
– Kan du gi enkle eksempel på det?
– Ta bustaden din. Nokon har innlagt alarm, andre ikkje. Nokon har avtalar som inkluderer kamera og sensorar, andre har valt bort det. Bare tenk på all teknologien som i dag er via mobiltelefonen. Ein kan skru på varme, lese av straumbruk, sjekke om «hytta» eller huset «står» etter ein storm. Alt dette kan ein betale for. Men vår oppgåve er å sjå på om noko av dette kan overførast til våre brukarar, som sjølv om mange stadig blir eldre, så blir dei også meir vant til den digitale verda. Om ti år kan det vere me har 100 prosent digital erfaring, sjølvsagt av ulik grad, blant innbyggarane.
– Kor kan Tysvær hente erfaring med slikt arbeid?
– Me har i dag allereie komme langt. Me har mellom anna nybygg i kommunen som er topp moderne og framtidsretta. Desse vil gi oss god erfaring. Så er folk som er tilsett i kommunen topp motivert for dette, noko som sjølvsagt er viktig. Eg trur, og veit, at me kjem til å ta dette på alvor, og det er både politisk og frå administrasjonen gitt svært klare forventningar om digital satsing.

Oppdatering
– Har me val?
– Me kan ikkje velje bort digitaliseringa på nokon område i samfunnet. Me kan takke nei, sjølvsagt, men samfunnet kjører på likevel. I bankar, i butikkar i det offentlege, ja over alt.
– Kva skjer nå vidare med dette arbeidet?
– Me skal kurse og oppdatere alle dei som me ser kan ha nytte av ein digital kompetanseheving. Samstidig og parallelt skal me finn ut kor det er mest å hente, og starte utviklinga der. Så vil me på sikt inkludere alle og alle stadar der digitale tenester er til nytte. Og det er bare fantasien som stoppar oss, avslutter digitalsjef John Egil Osteig.