Ikkje rart at ein blir glad over å få ei slik hytte til jul. Foto: Straumen skule
Ikkje rart at ein blir glad over å få ei slik hytte til jul. Foto: Straumen skule

NYHENDE

Fekk ei julegåve bygd på dugnad

Like før juleferien fekk elevane på Straumen skule vere med og opne ei grillhytte i skulegarden. Fiksa, flytta og satt opp på FAU-dugnad.

Då den fine grillhytta i den gamle barnehagen ved slusene i Skjoldastraumen heldt på å bli øydelagt av hærverk, vér og vind, så tok Foreldreutvalet på Straumen skule grep.
Reidar Lilleskog, morfar til elevar på skulen, gjekk i bresjen for å måle opp, finne eigna stad på skulen og organisere arbeidet som måtte til. Etter at grunnarbeidet var gjort på skulen blei grillhytta demontert og frakta i deler opp til skulen på Haugen.
Det som var øydelagt og rotna ble byta ut og fiksa opp. Nerheim og søner heldt på med gravarbeid i byggjefeltet på Haugen, og dei var svært hjelpsam då platting skulle flyttast opp til skulen. FAU ved Cathrine Dommersnes organiserte dugnadar i helger og ettermiddagar og foreldre og ungar møtte opp og fekk skrudd saman grillhytta i etappar. Til slutt blei det lagt heilt ny shingel på taket så grillhytta blei skikkeleg tett igjen.
Medan arbeidet har pågått har elevane sett korleis grillhytta gradvis kom på plass og gleda seg skikkeleg til å ta ho i bruk.
Det var derfor skikkeleg feststemning då Reidar Lilleskog og Roald Nerheim klippa snora og opna grillhytta til song og applaus frå alle elevane og tilsette på skulen. Ein kunne sjå gleda i augene på ungane når dei klassevis fekk gå inn og sjå kor stor og kjekk grillhytta er.
Opninga blei feira ved at Elevrådet steikte lappar til alle og noko lengre friminutt denne dagen.
Allereie har klassar hatt fine adventsstunder i grillhytta, og både skule og SFO gleder seg til å ta ho masse i bruk framover. Tusen hjarteleg takk til FAU og alle føresette som har medverka til denne flotte julegåva!

Med vennleg helsing rektor og tilsette ved Straumen skule.